Snåsabonde: All husdyrproduksjon er ikkje industri

Visst kan vi eta mindre kjøtt, men ikkje kutte ut heilt. Det er naturstridig, og i min verden, uetisk., skriver melkebonden fra Snåsa.  Foto: Privat

Saken oppdateres.

Ein del vegetarianere og dyrevernere kaller all husdyrproduksjon for industri. Da treff den ordbruken også meg og mi gardsdrift. Å kalle mi gardsdrift for «industri», opplever eg som arrogant. Eg driv økologisk mjølkeproduksjon. Kyrne får samvere med kalven, dei er ute på beite frå mai til september, og resten av året er dei ute på luftetur annakvar dag, også når det er minus 15 grader ute.

LES OGSÅ: Spis mindre kjøtt, mer fisk og grønt

Eg brukar ikkje sprøytemiddel eller kunstgjødsel, og med ein passe stor bøling i fjøs og beiter blir det akkurat nok gjødsel til å dyrke litt korn i tillegg. Slakt frå hanndyr, kyr og kviger som ikkje passar i produksjonen her lenger, er ein naturleg konsekvens av å produsere mjølk. Dette er kjærleik til dyr, jord og ni generasjonar tidlegare i slekta mi som har drive med husdyr her, og til heile menneskeslekta. Dette er handverk, ikkje industri !

Mykje har gått i feil retning siste tiåra, også i Norge. Svære fjøs, beitebruk som har gått ned og kraftforbruk opp, mens transportavstanden til slakteria er blitt lenger. Utviklinga er ikkje bøndene sin feil. Det er ei ønska utvikling/ avvikling frå regjeringar med både blå og raud farge, for å tilfredsstille velgere. Dei som frå før har verdens høgaste kjøpekraft, men som vil ha enda fleire sydenturar, hytte, større bad etc. Da blir viljen berre enda mindre til å betale skatt (til overføringer til jordbruk) og til å kjøpe mat. Prisen bonden får for eit storfeslakt i dag er omtrent det samme som for 30 år sidan, mens lønnsnivået er meir enn dobla i same perioden.

LES OGSÅ: Fleksiterianer-trend gir nytt matmarked

I president Bolsonaros land, Brasil, svir dei av regnskog for å gje plass til beite og biffproduksjon, mens land som Italia og Hellas har ein antibiotikabruk i kjøttproduksjon på det 50–dobbelte og 100-dobbelte (!!) av det vi har i Norge. Dette er berre nokre få eksempel på avskyelege produksjonar, som kanskje har bidratt til antibiotikaresistens og høge covid-19 dødsfall sør i Europa. Alt dette er synd, og medverkande årsak til at enkelte velger å slutte heilt og eta kjøtt.

LES OGSÅ: Flere velger vegetarisk julemiddag: – Jeg fikk noen rare blikk de første årene

Framleis er det mange bruk med storfe og småfe (mjølk- og kjøttproduksjon) i Norge som nytter beitene og driv skikkeleg «handverk»-produksjon. Med åtte milliardar menneskje på jorda er det direkte uetisk å ikkje utnytte både kulturbeiter og utmarksbeiter til å produsere mat. Forutsetninga er at produksjonen skjer med omsyn til dyra og at ein ikkje bruker, eller bruker lite kraftfor. I Norge har vi 2455 raudlista artar (trua artar, Artsdatabanken, 2015), og 24 prosent av desse, det vi seie 550 artar, lever i kulturlandskapet, blant anna ei rekkjer artar bier og humler. Mange av desse er truleg avhengig av beiting for å overleva.

Mange vil også legge hovudskylda på husdyrhaldet for den største, mest dramatiske og langtidsverkande globale miljøkatastrofa; menneskeskapte klimaendringar. Det er riktig at ein kg storfekjøtt i snitt krev om lag åtte kg kraftfor i intensiv produksjon, og at det gjev høgare utslepp av klimagassar enn om vi hadde spist kornet direkte, utan omvegen i eit stort dyr. Men fotosyntesen blir heilt gløymd i klimadebatten. Forbrenningsmotorar «et» karbon og slepp ut CO2, mens plantar faktisk gjer det motsatte: Dei «et» CO2 og produserer karbohydrat. På jord som ikkje egner seg for å dyrke korn eller grønnsaker (slik mykje av jorda t.d. Snåsa er), vil slutt på husdyrbruk medføre at jord gror att med buskar og tre. Forskning frå blant anne Dovre har vist at åpne landskap med kulturbeite bind mykje meir CO2 enn skogsprega områder.

LES OGSÅ: Hos Grønne folk i Frosta lages det 2000 selleriburgere i timen

Trender er skumle, for dei er ofte drive av fanatisme, og dei er kortsiktige, mens matproduksjon er svært langsiktig. Vi har sett ulike mattrender siste tida; vegetarisme, veganisme, lavkarbo, lavfeitt (80-90-talet), etc. Et heller variert og sunt og velg berekraftig.

Vi menneskja har hauggtenner (hjørnetenner) for å rive kjøtt og fisk når vi et, og jekslar bakerst for å tygge/ knuse vegetabilsk mat, og eit mellomlangt tarmsystem. Reine kjøttetarar (rovdyr) har kort tarm, mens reine planteetarar, så som kyr, har langt tarmsystem. Vi er fysiologisk tilpassa for å eta både kjøtt og vegetabilsk føde (omnivore skapningar på biologispråket). Visst kan vi eta mindre kjøtt, men ikkje kutte ut heilt. Det er naturstridig, og i min verden, uetisk.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå