Klimaminister Rotevatn (V): Klimaplanen vil bli gjennomført

Det hadde sjølvsagt vore fint med konsensus på Stortinget om alt, men det er ikkje nødvendig for å gjennomføre planen, svarer klimastatsråden på Adresssas leder.  Foto: NTB / Scanpix

Saken oppdateres.

Adresseavisen meiner det er skuffande at det ikkje vart eit klimaforlik på Stortinget og skriv at «regjeringens klimaplan for 2021 til 2030 inneholder flere gode målsetninger og konkrete forslag til hvordan vi kan nå dem». Den gode nyheita er at både dei gode målsetnadane og dei konkrete forslaga i planen kjem denne regjeringa til å gjennomføre.

LES OGSÅ: Fem grep for en mer bærekraftig livsstil

Det hadde sjølvsagt vore fint med konsensus på Stortinget om alt, men det er ikkje nødvendig for å gjennomføre planen. Det er nok at fleirtalet stiller seg bak, eller i det minste ikkje fattar vedtak som spenner bein for gjennomføringa. Handsaminga av planen i Stortinget viser brei tilslutnad frå stortingsfleirtalet for alle hovudgrepa i planen. Det gjeld både dei høge ambisjonane for klimakrav i offentlege innkjøp, det gjeld ambisjonsnivået for kutt i landbruket, det gjeld samarbeidet med EU, bruken av biodrivstoff og – ikkje minst – det tiltaket som har vore mest diskutert i media: Ei tredobling av CO2-avgifta fram mot 2030.

LES OGSÅ: MDG: Venstre tror ikke lenger på at klimapolitikk fungerer

Det meste av tiltaka i planen kan regjeringa gjennomføre ved forskrift, og det vil vi straks setje i gong med. Det gjeld til dømes dei varsla kriteria og krava om låg- og nullutslepp og miljøteknologi for ferjer, hurtigbåtar, bybussar med meir. Det same gjeld bruk av berekraftig biodrivstoff. Vi kjem også til å kutte utsleppa og auke opptaket i jordbruket saman med jordbruksorganisasjonane. CO2-avgifta skal også aukast, men korleis dette skal kompenserast gjennom lette i andre skattar og avgifter kjem vi tilbake til i dei årlege budsjetta.

Som Adresseavisen er inne på, har vi eit ambisiøst klimamål for 2030 under Parisavtalen. Klimaplanen viser med heilt konkret politikk korleis Noreg skal oppfylle klimamålet og samstundes skape grøn vekst. Vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå