Høgdehus - ein ny spiker i kista

Oddbjørn Bruland i smørebua hjemme på Lohove. Han er kritisk til utstyrshusteriet i langrenn, også på aldersbestemt nivå. Nå også til høydehus.  Foto: Adresseavisen

Saken oppdateres.

Skiforbundet skuffer igjen og igjen. Er vi ikkje suverene nok på ski, er vi ikkje god nok i løping? I forhold til folketalet er vi sannsynlegvis suverent best i dei flest idrettar, kanskje til og med i fotball. Likevel treng vi høgdehus for å bli enno betre. Dei beste må sleppe reise til alpene å trene, er det hovedargument? Eller er det like mulegheiter? I so fall bør ein først sikre dei andre med x antall millionar kroner til støtteapparat, smøring, trenere, massører mm.

LES OGSÅ: Langrennskomiteen skuffet over skiforbundets høydehus-ja

Kva er konsekvensen nedover i rekkene? Dei som har vore med i langrennsmiljøet ei stund, kjenner nok fleire som sannsynlegvis tenker at ei høgdeseng og eit høgderom for styrketrening må poden få. Og dei med meir enn nok frå før både pengar og utstyr får endå meir til å skille dei frå resten. Så kjem maset på klubbane der Heming sannsynlegvis investerer i klubbens høgderom osv. Synd breddeidrett og toppidrett har noko med kvarandre å gjere.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook

På forsiden nå