Barn treng nærmiljøannlegg

Alt er ikkje som før, endring er regelen og ikkje unntaket. Men alt blir ikkje til det verre, slik enkelte ønskjer å framstille det.

Oddbjørn Bruland mener det er mulig å sikre alle sine interesser når Strinda nærmiljøanlegg planlegges og bygges.  

Saken oppdateres.

Barn får ikkje bygge hytter i skogen, hoppbakkar i ei kvar skråning eller flåtar langt til sjøs. Dei samlast ikkje lenger på løkka og spelar fotball og dei utforskar og utfordrar ikkje naturen slik vi gjorde når vi var små. Sett i perspektiv av dagens behov for tryggleik og kontroll er det eit under at vi overlevde og verken kommunar eller foreldre tillèt slik aktivitet i våre dagar. Uorganisert aktivitet er på godt og vondt erstatta av eit rikt utval godt organiserte treningar og aktivitetar i ordna og trygge former i tilrettelagde anlegg.

LES OGSÅ: Kvifor er eit næranlegg øst i byen viktig?

LES OGSÅ: Barn trenger ikke tilrettelagt skog. La Estenstamarka være i fred!

Vi har idrettshallar vi berre kunne drøyme om når vi var små. Vi har kunstgrasbaner, ballbingar, skateanlegg og legg skøyteis om vinteren der ute folk bur for at spesielt barna deira skal få eit så godt tilbod som mogeleg. Både kommunane og tusenvis frivillige i lag og organisasjonar stiller opp og legg til rette for at barna skal få eit så godt fritidstilbod som mogeleg. Mange av oss skulle ynskje at alt var som før. At barn organiserte og ordna seg sjølv, vaks opp og får sunne interesser naturleg utan at vi vaksne organiserer dei «ihel». Men slik er det ikkje lenger. Tilrettelegging er på godt og vondt blitt regelen og ikkje unntaket.

LES OGSÅ: Må si nei til barn og unge: - Vi kan ikke vente lenger

Når sju idrettslag ønskjer seg eit næranlegg for ski på østsida av byen, er det fordi vi innser at vi må legge til rette forholda betre der barn bur for å få aktivisert fleire tidleg på ski. Når Trondheim skiklubb ønskjer seg ein skileik på denne sida av byen er det fordi dei ser kva skileiken i Gråkallen betyr og kor populær den er for skular, barnehagar og andre. Kapasiteten er sprengd fordi både barnehagar og skular treng eit tilrettelagt område for å kunne gjennomføre skidagar og annan uteaktivitet. Ein trakkar ikkje bakken sjølv lenger, sjølv om mange av oss nostalgiske vil kalle også det for god trening både for kropp og sjel.

LES OGSÅ: Leder: Skianlegget i Strindamarka bør krympes

I gamle dagar fanst det fleire hoppbakkar og tilrettelagde løyper i Estenstadmarka og vi finn mengder av spor etter annan aktivitet. Bygde på lokale initiativ og utan lange reguleringsprosessar. I dag set vi pris på dette som kulturminner og mykje av dette er det som er grunnlaget for dagens bruk av marka. Verken Estenstad eller Tømmerholt dammen hadde eksistert i dag utan desse inngrepa. Endring kan gjere vondt der og då, men kan og bli til det betre.

Tilrettelegging og endring betyr ikkje at eit område blir øydelagt verken i eit miljøperspektiv eller for annan bruk. Det kjem sjølvsagt an på auga som ser, men heldigvis har vi system og rutinar i dag som skal sikre at ein utifrå eit objektivt perspektiv veg fordelar og ulemper mot kvarandre og på bakgrunn av dette tek rette avgjerder. Alle partar skal bli høyrt og det er viktig at det er reelle forhold og «kostnadar» som blir vegd, også dei immaterielle. I slike situasjonar er det lett å la følelsane styre og påstå at noko kan ha uendelege verdi, det kan ikkje målast i kroner og øre. Men inga endring har og ein pris. Kor mykje er ein villige å betale for å gje eit tilsvarande tilbod ein annan plass. Det er ikkje enkelt, men heldigvis har vi politikarar til å gjere dei endelege prioriteringane på godt og vondt. For at desse prioriteringane skal bli så god som mogeleg er det viktig at dei får så god og rett informasjon som mogeleg.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

I saka om næranlegg øst er det dessverre kome fram veldig mykje feil informasjon. Som alle andre tiltak vil også dette ha sine ulemper og fordelar, men det er spreidd mange usanne og til dels trakasserande påstandar om oss som står bak desse planane, både om kva type folk vi er og kva våre intensjonar vi har. Og påstandar om kva dette vil bli og føre til som ikkje har rot i verkelegheita. På same måten som ein ser sosiale media blir brukt andre stadar for å skape ein opinion basert på «fake news». Er det ein slikt samfunnsdebatt vi vil ha? Vi meiner begge sider er tent med å respektere kvarandre og kvarandre sitt syn og på denne måten prøve få fram dei reelle fordelane og ulempene.

Skrive for Midtnorsk debatt? Les mer her!

I dag har vi prosessar som skal sikre alle sine interesser og som vil skape eit anlegg som alle skal trivast i og med. Alt frå frosken både den som bli værande i myra og den som blir til prins, til den nostalgiske drøymaren som framleis vil kunne sjå fuglmyra slik den ein gong var.

Det ble gjort noen språklige endringer i innlegget 08.06 kl 12.30.


Podkast

For noen uker siden intervjuet Adresseavisen denne gjengen, som jobber for et næranlegg for ski øst i byen. Fra venstre: Thomas Meinicke (leder NTNU Ski), Jørn Ølmheim (nestleder Ranheim Skiklubb), Oddbjørn Bruland (tidligere leder i Strindheim ski), Line Selnes (leder Trondhjems Skiklubb) Stian Eckhoff, (adm.leder Sør-Trøndelag skikrets), Tor Ole Haugen, leder Nidelv Ski), Erlend Ulstad (leder Strindheim Ski).  
        
            (Foto: Morten Antonsen)

For noen uker siden intervjuet Adresseavisen denne gjengen, som jobber for et næranlegg for ski øst i byen. Fra venstre: Thomas Meinicke (leder NTNU Ski), Jørn Ølmheim (nestleder Ranheim Skiklubb), Oddbjørn Bruland (tidligere leder i Strindheim ski), Line Selnes (leder Trondhjems Skiklubb) Stian Eckhoff, (adm.leder Sør-Trøndelag skikrets), Tor Ole Haugen, leder Nidelv Ski), Erlend Ulstad (leder Strindheim Ski).   Foto: Morten Antonsen

På forsiden nå