Senterpartiet, fisk er også mat

Oslo, Norway 20150714. Illustrasjonsbilder: Fiskedisk. Foto: Gorm Kallestad / NTB  Foto: Gorm Kallestad

Saken oppdateres.

Senterpartipolitikarane Heidi Greni og Guri Heggem skreiv nyleg godt om matproduksjon her i Adressa. Sjølv om artikkelen handla om landjorda og korleis ein skal drive landbruksproduksjon, er det likevel noko snodig.

Når ein snakkar om matløftet 2025, når ein nemner norsk matproduksjon, kvifor gløymer Senterpartipolitikarane den maten vi produserer mest av i Trøndelag?

Frå Leka til Hitra, i fjorder og frå havet utanfor, produserer og fiskar vi 300 000 tonn med sjømat. Kvar einaste dag heile året kan vi som driv med sjømat servere 4,1 million menneske - berre frå kysten av Trøndelag. Er ikkje det også mat?

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

For all del, landbruk er ein svært viktig del av det vi driv med her i regionen. Vi er til og med så dyktige at landbruk, havbruk og villfisk frå regionen er blitt Europas Matregion neste år.

Likevel, Senterpartipolitikarar, ikkje gløym havet. Ikkje gløym sjømaten. Matproduksjon handlar òg om det vi dyrkar og fisker i havet. Når de neste gong nemner matproduksjon, hugs på at fisk er også mat.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!


På forsiden nå