Kjære Jonas Gahr Støre:

Mangelfull politisk hilsen!

Oslo 20140614. Jonas Gahr Støre ble valgt til ny leder i Arbeiderpartiet etter Jens Stoltenberg i Folkets Hus i Oslo lørdag. Helga Pedersen og Raymond Johansen fikk ny leder i sentralstyret. Støre vinker. Foto: Lise Åserud / NTB  Foto: Lise Åserud

Saken oppdateres.

Kjære partileiar Jonas Gahr Støre!

Eg har fått ei uventa og ufortent helsing frå deg. Heilt frå ungdomsåra og studietida mi har eg hatt positive tankar om Arbeidarpartiet og dette partiets rolle i norsk samfunnsutvikling, og i tillegg reknar eg deg som ein sympatisk og hyggeleg partileiar.

Likevel har eg av ulike grunnar aldri høyrt til veljargruppa di. Men eg er ikkje heilt framand for å sjå deg som ein framtidig statsminister.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

Helsinga som eg fekk i posten i dag, har eg lese – til og med nokså grundig. Og alt som står der, kan eg seie meg samd i: Om behovet for fellesskapen i samfunnet og om å stå saman, om ulikskapen i samfunnet som veks, om retten til arbeid, om sjukehus og eldreomsorg og rettferdig pensjonssystem.

Men det som ikkje står, er for meg og mange av oss minst like viktig, no like etter at enda ein ny klimarapport frå FN er lagt fram. Ikkje eitt ord står i helsinga di om miljø eller klimapolitikk.

- Trur også AP enda at vi har god tid på oss og mange stortingsperiodar framover til å få til ei meir berekraftig samfunnsutvikling? spør Eivind Hasle.  Foto: privat

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

For mange av oss – og ikkje minst blant dei dei av oss som har barn og barnebarn i mente, er det store og overordna spørsmålet i dag dette: Kva gjer vi med klima- og miljø-utfordringane framover? Skal vi halde fram med olje- og gass-politikken vår, som ein av verdas største forurensarar?

Skal vi gjere som Sp og Borten Moe i Adressa 10. august - å peike på at Polen og Kina er enda større forurensarar? Trur også AP enda at vi har god tid på oss og mange stortingsperiodar framover til å få til ei meir berekraftig samfunnsutvikling?

LES OGSÅ: Ola Borten Moe (Sp) om FNs klimaalarm: - Start i Polen

Ei helsing til dagens veljarar utan klare og tydelege standpunkt i miljø-, klima- og oljepolitikken, er korkje framtidsretta eller til fordel for framtidige generasjonar. Det vil mange av oss bruke røysteretten vår til å uttrykke!

#minvalgkampsak: Bli med i debatten!

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

På forsiden nå