Valets betydning for natur, klima og jordvern i Trøndelag

Vegen mot Fiborgtangen. Denne vil ikkje vere brukbar og kan heller ikkje utvidast dersom fartsgrensa blir 110 km/t, skriver lederen for Naturvernforbundet i Trøndelag.   Foto: Naturvernforbundet

Saken oppdateres.

Slik det nå ser ut på meiningsmålingar, vil vi få ei ny regjering etter stortingsvalet. Denne vil truleg bli samansett av partia Sp, Ap og SV. Så vil det vere usikkert om den vil vere avhengig av MDG og Raudt for å ha fleirtal. Så langt har dei store partia vist lite konkret ny klima- og naturvenleg politikk.

LES OGSÅ: - Et veldig dramatisk inngrep fra et biologisk mangfold-perspektiv

Naturvernforbundet gjorde før ferien ein omfattande kartlegging av alle stortingspartia sitt syn på 37 ulike spørsmål. Dette er viktige spørsmål for alle som bryr seg om klima og naturtap. Det er ikkje tilfeldig at forfattaroppropet Stem for naturen refererer til kartlegginga til Naturvernforbundet. Ville listetoppane i Trøndelag fått til fleire grøne hakar i Naturvernforbundet sin partiguide? Det er vi etter denne valkampen usikre på, sjølv om vi ser ei endring i synet på Nye Veier sitt mandat. Framleis trugar vindkrafta, industriprosjekt pressar på.

I Trøndelag har Naturvernforbundet arbeidd med mange ulike saker innan naturtap og klima. Vindkraftutbygginga er den mest omfattande rasering av natur som nokon gong har funne stad. Ennå ventar vi på at det skal bli avslag på forlenga frist for Innvordfjellet. I tillegg ligg det andre søknader som kan bli graven fram på nytt. Nå når kraftoverskotet i fylket er blitt merkbart på prisen, kjem kraftprodusentane på banen med tiltak for å få forbruket opp.

LES OGSÅ: Audun kan få nye E6 rett igjennom gårdstunet

Åfjord vil ha datalagring og Stjørdal vil ha batterifabrikk. Fleire andre kommunar har meldt om liknande interesse. Slik kan vi frykte at myndigheiter og lokale politikarar vil prøve å kalle det klimatiltak og gje grønfarge til det svarte naturtapet som vindkrafta har ført med seg. Vi kan heller ikkje vere trygge for at verna vassdrag får vere i fred. Politikarane synest å tru at vindkraftindustrien har gitt opp. Det har dei ikkje, så nasjonale reglar må til for å unngå ytterlegare nedbygging av naturen.

Både klima- og naturtapkrisa må løysast. Uavhengig av politisk ståstad forstår dei fleste at økonomisk vekst ikkje let seg sameine med verken utslepp av klimagassar eller ressursane på jorda. Likevel skal det bli bygd 4-felt motorveg med 110 km/t gjennom fylket frå Ulsberg til Steinkjer. Dette representerer ein solid stimulans til meir biltrafikk, og med det fylgjer auka forureining, ressursbruk og tap av natur og areal for matproduksjon.

Når Stortinget har gjeve Nye Veier AS vide fullmakter til denne galskapen, har kommunane i praksis ingen ting dei skal ha sagt. Motorvegplanar blir lagt på grunnlag av at trafikken vil vekse, samtidig som kommunane har planar for redusert vekst. Med tiltak på jernbane og kollektivtransport kunne prognosen for trafikkvekst blitt snudd. Ap seier dei vil endre mandatet til Nye Veier, men kva mandat det skal bli, er ikkje klart.

Tar dei natur og klima på alvor? For Trøndelag er det mykje som står på spel. Vil våre representantar ta på alvor rapportane frå FN sine natur- og klimapanel? Vil den siste rapporten frå IEA få nokon konsekvens? Svara frå dei store partia lovar ikkje godt. Kan vi håpe på at dei som skal representere Ap og Sp frå Trøndelag vil endre den skandaløse vegbygginga? Vil dei sjå til at ikkje kommunane sine kortsiktige økonomiske motiv får overstyre naturverdiar og jordvern? Det er lov å håpe, men tenk deg godt om før du vel kva stemme som skal bli lagt i urna.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå