Fleire fullfører vidaregåande skule

Saken oppdateres.

I Adressa i dag tek Erna Solberg æra for at seks prosentpoeng fleire elevar fullfører vidaregåande skule samanlikna med 2006. Den jobben er det ikkje ho og Høgre som har gjort, det er lærarane og elevane i vidaregåande skole som har ytt denne innsatsen og oppnådd slike resultat, med god støtte frå skuleleiing, rådgivarar, helsesøstrer, vaktmeistrar, kantine- og reinhaldspersonale, det vil seia alle som arbeider i skulane.

LES OGSÅ: Slik har Erna endret Trøndelag

Det er særleg i yrkesfag at fullføringsprosenten har auka, og det var yrkesfaga som måtte ta den største omlegginga då alle 16-åringar fekk skulerett i 1994. Før det var dei fleste som hadde fullført andre året på yrkesfag, godt vaksne ungdommar som i tillegg ofte hadde praksis. Då klassane vart fylte opp med 16- og 17-åringar stod lærarane overfor ei heilt anna utfordring enn dei hadde hatt før. Det er jobben med å tilpassa opplæringa til denne nye elevgruppa som har bore frukter. Alle i skulesamfunnet har stått på for at dette skulle lukkast.

LES OGSÅ: Jubelkveld for Frp i skolevalget

Høgres tidligere undervisningsminister, Kristin Clemet, gjorde jobben vanskelegare med innføringa av Kunnskapsløftet i 2006. Då vart det også innført krav om at lærarane skulle bruka tida si til tidkrevjande formell dokumentasjon. Eg gjekk over frå rektorstilling til lærarstilling i 2006, og frå 2008 til eg slutta i 2012, hadde eg 60 prosent undervisningsstilling. Eg prøvde å oppfylla alle krav til dokumentasjon, og eg greidde det nesten innafor fullt arbeidsår nettopp sidan eg hadde redusert stilling. Så derfor: All ære til dei lærarane som har gjort jobben med å få stadig fleire elevar gjennom vidaregåande skule trass i Høgres detaljstyring og dokumentasjonskrav.

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå