Storskala karbonfangst og -lagring er neppe realiserbart

Fullskala realisering av karbonfangst og -lagring vil sluke ein betydeleg del av energiressursane, utan salbart resultat. Det blir dyre arbeidsplassar, skriver innleggsforfatteren.  Foto: NTB / Scanpix

Saken oppdateres.

Professorane Landrø og Ringrose har i Adresseavisen den 14/9 ein omtale av visjonar for faget «CO₂-fangst og -lagring». Det er to aspekt som eg meiner bør kommenterast.

  1. Sleipner-prosjektet er ikkje noko «CCS-prosjekt». I snart 20 år har det misvisande blitt brukt som flaggskip for karbonfangst. Men CO₂-gassen på Sleipner er ikkje røykgass. Den utgjer ca. 8 prosent av naturgassen frå brønnane. Som på andre felt med «sur» gass, blir CO₂ separert frå brønnstraumen, før naturgassen blir eksportert. Dei resterande 92 prosent blir eksportert og brent. Dette betyr at for kvar million tonn CO₂ frå Sleipner, som sidan 1999 har vorte lagra i Utsirahøgda, har det blitt brent 12.5 mill. tonn naturgass. Det har gitt ca. 25 mill. tonn CO₂ til atmosfæren. Sleipner-prosjektet demonstrerer ikkje karbonfangst frå fossil energiproduksjon. Det demonstrerer småskala lagring av CO₂, anslagsvis 1/26 av total CO₂ frå Sleipner.

LES OGSÅ: Klimaomstilling: Norge kan ikke få i pose og sekk

  1. At kostnad, i form av «kroner pr. million tonn CO₂» er vanskeleg å estimere, sjølv etter 20 års forsking, er sikkert rett. Enno vanskelegare er det å forutseie verdi. Den er uforutseieleg, heilt avhengig av framtidige politiske vedtak om offentleg finansiering i form av skatt, avgifter og subsidiar. Viktigare, og truleg enklare, trur eg det er å estimere energiforbruk til fangst og lagring, målt som andel av energien i det fossile drivstoffet. Eitt tonn oljeekvivalent (1 toe) gir 11.6 MWh energi og ca. 2.5 tonn CO₂. Det betyr at 1 mill. tonn CO₂ er resultat av å brenne 0.4 mill. toe, som gir 4.6 TWh energi. Eg har ikkje sett noko estimat for energiforbruk ved CCS. 10 prosent, dvs. 0.46 TWh pr. mill. tonn, trur eg er eit lågt anslag. Det betyr 212 TWh for å lagre 455 mill. tonn CO₂ frå norskprodusert olje og gass i 2020. Dette er 40 prosent meir enn samla produksjon frå norsk vind- og vasskraft. Utsleppet i Norge er 32 mill. tonn, ca. 1/14 av alt utslepp frå norsk produksjon.
  • LES BAKGRUNN: Senterpartiet avviser at FNs klimarapport bør føre til en større omlegging av olje- og klimapolitikken i Norge
  • LES BAKGRUNN: Når det brenner på dass, er ikke løsningen å peke på Polen
  • Gjenbruk av CO₂ – til «e-fuel/‘synfuel» for bruk i fly – kan i motsetning til CCS gi eit salbart produkt. Men det vil neppe gjere karbonfangst økonomisk interessant. Slike idear er baserte på omforming av elektrisk energi til kjemisk energi. Meir enn halvparten av energien går tapt i forbrenningsmotoren. Dette er CCR (Carbon catch and release).

    Det finst sikkert mange interessante forskingsoppgåver knytt til fangst, transport og lagring av CO₂ innanfor rimelege rammer. Men fullskala realisering av CCS vil sluke ein betydeleg del av energiressursane, utan salbart resultat. Det blir dyre arbeidsplassar.

    Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

    På forsiden nå