Gift med sjukepleier, trykker på alarmknappen

Mine ord og mine tankar kjem etter 21 år som ektemake til ein lidenskapleg sjukepleiar. Ho brenn for å gjere ein god jobb, for at norsk helsevesen og statusen som dei tilsette innan pleie bør hevast, skriver innleggsforfatteren.  Foto: Privat

Saken oppdateres.

Her kjem ei melding til alle politikarar. Eit rop om hjelp. Eg har 21 års erfaring. Eg har tusenvis av tilbakemeldingar. Mi oppsummering? Sliten. Færre folk. Meir ansvar. Dårleg lønn. Når vil de innsjå alvoret?

LES OGSÅ: Vi forventer at helsepersonell er vaksinerte

Eg likar ikkje å raljere. Eg likar ikkje å henge ut. Eg er sikker på at mange av dykk gjer ein god jobb som politikarar. Mine ord og mine tankar kjem etter 21 år som ektemake til ein lidenskapleg sjukepleiar. Ei fabelaktig frue som har spesialisert seg på psykiatri hjå eldre. Ho brenn for omsorg som eg aldri i verda kjem til å kunne ha, ho brenn for å gjere ein god jobb, for at norsk helsevesen og statusen som dei tilsette innan pleie bør hevast. Ho er lidenskapleg engasjert i at eldre skal ha ei verdig avslutning på livet.

LES OGSÅ: Klok å omplassere helsepersonell

Mi fru har vore tilsett i 21 år. La oss seie at ho i gjennomsnitt har hatt ei vakt i døgnet i alle desse åra. Altså 7665 vakter (dei fleste natt). Eg har i alle fall vore heime i 75 prosent av gongane ho har kome frå jobb. Då har eg stilt henne eit spørsmål: Korleis var det på jobb i natt? Kva har ho svara? Sjølvsagt trøytt og sliten. Til tider lei, skrytt av kollegaer som står på. Ho har sjølvsagt opplevd mykje positivt og ikkje minst; ho trivst svært godt. Likevel, alle gongane vi har gått litt inn i materien, har det handla om å springe raskare. Løna. Irritert seg over at eg i det private næringsliv får vere med på julebord? At eg får gratis kaffi. Kurs og reiser. Hjå henne må ein betale sjølv og ikkje minst, dei blir stadig færre.

Mi fru er stolt. Mi fru har eit varmt hjarte. Ho brenn for at våre eldre, som har stått på eit heilt liv, skal ha ei verdig avslutning. Dei er forvirra, forstår ikkje kvifor det er vått i senga, dei gret, dei undrar seg kor dei er og vaknar midt på natta, livredde. Mi fru har vore der, halde i handa, trøysta og prøvd sitt beste. Kvifor blir ho berre verdsett med ord?

LES OGSÅ: Kjerkol: - Vår bekrymring ar kommunehelsetjenesten

Det kan sjølvsagt vere noko annleis andre stader og på andre institusjonar, men eg tviler sterkt på at kollegaer av henne får 100 000 meir om ein jobbar i Alta eller Hamar. Som svært så nyheitsinteressert har og sett i desse 21 åra at det har vore mange reportasjar i media om mangel på folk og færre tilsette. Kvifor skal det vere slik?

Vi er eit av verdas rikaste land. Vi brukar pengar på alt mogeleg. Alle skal ha. Alle skal få. Kan vi verkeleg ikkje ein gong seie no lyt vi andre vente? I års skal vi stoppe kutta. Vi skal ha fleire tilsette. Vi skal gi alle sjukepleiarar og helsefagarbeidarar meir løn. Ikkje kom å fortelje meg at de på venstresida er betre enn de på høgre, eller omvendt. Mi fru har opplevd seks ulike regjeringar. Sju ulike norske parti har hatt makta i desse 21 åra. Ingen av dykk har tatt eit skikkeleg løft for henne og dei tusenvis av andre. Ingen har sagt tydeleg: No gjer vi det.

Mitt håp? Mi bøn? Mit ønskje. At ho får oppleve løftet. At det snur. Eg reknar med ho har 20 år igjen av sitt yrkesliv. Herr Støre lova som ny statsminister i sin nyårstale, slik andre har gjort før. Kanskje de klarer det i år? Kanskje me då og kan sleppe å stengje ned eit heilt samfunn fordi ein pandemi slår inn over oss? PS! Det blir ein million fleire eldre over 67 år innan 2060.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå