Bransjespesifikke do-reglar

Som einaste bransje har altså kultur fått eigne do-reglar, skriver Nina Refseth.  Foto: Annemona Grann

Saken oppdateres.

Eg hadde ikkje fantasi til å sjå den komme. Ei kort stund i går trudde eg at det var reelle lettingar for kulturlivet. Da la eg ikkje merke til at regjeringa lagt inn ei do-finte. Kvar kohort sin do. Dette gjeld altså kulturarrangement. Ja, eg forstår at det er fordi folk går dit i pausen, men det er ikkje 200 som går på do samtidig, og stort sett er det ein situasjon der folk helst held god avstand til naboen og uansett vasker hender etterpå.

Som einaste bransje har altså kultur fått eigne do-reglar. Kanskje med damekohort og mannekohort, og kjønnsbestemte toalett. Eller Hibas. Eller be publikum gå på kjøpesenteret på do - der kan dei altså gå når dei vil, med folk som kjem frå tog og trikk og vinmonopolet.

Før har eg meint at politikarane ikkje tok kulturen på alvor. No lurer eg på om det faktisk er ei aktiv nedvurdering av kulturfeltet som ligg bak. Det er vanskeleg å forstå at helsevesenet skulle knele fordi folk går på do på teateret. Da må det jo vere fordi det manglar politisk vilje. Neste gong skal eg finlese alle fotnotar før eg jublar - eg har skjønt vi deltek i superjokernord no.

Innlegget publiseres etter tillatelse fra forfatter og sto først på hennes facebookside.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå