Nynorsk er min identitet. Eg krev respekt

Etter å ha vore i mang ein lærarpraksis i Trøndelag, jobba i ulike klassar som lærarvikar, og generelt møtt litt for mange meiningar som eg ikkje har bedt om. Eg har møtt så endelaust mange stygge kommentarar, skriver lærerstudenten.  Foto: Privat

Saken oppdateres.

Åtvaring: dette er ein såkalla rant (tirade). No er eg lei. Lei av å forsvara min identitet. Lei av å høyra på nedsetjande kommentar om noko som er ein så stor del av kven eg er. Lei av å måtte forsvara nynorsken overalt der eg går. For språk er identitet, og identitet er ikkje noko ein skal tulle med. Såpass veit me i 2022.

LES OGSÅ: Noen ord gjør vondt

Sjølv er eg ein lærarstudent i Trondheim frå Sogn. Og som dei fleste frå Sogn (i Vestland fylke, inst i fjella og fjordane der) skriv eg nynorsk. Eg har nynorsk som hovudmål. For me eksisterer faktisk. Og det er ganske mange av oss. Ifølge SSB har om lag 12 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål. Om ein reknar om dette til befolkningstal, vert dette godt over 600 000, sjølv når ein tek høgde for den nynorske lekkasjen etter enda grunnskule.

På Island bur det om lag 366 000 menneske, nynorsk er eit ganske stort språk når ein ser det sånn. Og eg vil seie ein ting, ein ting for alle oss 600 000 som skriv nynorsk, som er glade i nynorsk, og som reknar oss som stolte nynorskbrukarar: Eg er lei, eg er sint, og rett og slett litt såra.

LES OGSÅ KOMMENTAREN: Butikkene selger ikke lenger regnklær, men rains

Etter å ha vore i mang ein lærarpraksis i Trøndelag, jobba i ulike klassar som lærarvikar, og generelt møtt litt for mange meiningar som eg ikkje har bedt om. Eg har møtt så mykje hat, så endelaust mange stygge kommentarar, og så ekstrem mangel på respekt rundt eit tema eg bryr meg om. «Det er så stygt» «det er så unødvendig» «eg hatar nynorsk» og sjølvsagt klassikaren «det heiter ikkje nynorsk, det heiter spynorsk». Tenk skulle eg sagt noko sånt om eit anna språk. Til nokon som er brukarar av det språket. Det hadde det blitt oppstyr av. Men sidan det er nynorsk, så er det jo ikkje så nøye, alle hatar nynorsk. Slik er det berre.

LES OGSÅ KOMMENTAREN: Politikernes tåkeprat plager oss hver dag

Og det er ikkje sånn at eg ikkje forstår at det er litt vanskeleg, og ikkje minst litt uheldig at ein får så mange karakterar i norsk. Eg forstår det. Men det er ikkje grunn nok til å hate språket. Det er ikkje grunn nok til å tråkke på alle dei som er brukarar av dette språket. Det er grunn nok til å setje seg inn i debatten, det er grunn til å forstå årsakene til våre to likestilte (ja, heilt likestilte) skriftspråk.

For dersom du vil ha meg med på debatten og diskusjonen, så krev eg respekt. For no har eg eigentleg fått litt nok. Nok av at mine gode venner, flinke elevar, snille medmenneske og sjølvsagt gode internettroll forventar at språket mitt kan tråkkast på utan at eg vert mektig provosert, utan at det rører ved noko djupare ved meg. For det gjer det faktisk.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå