Ei god psykisk helse er like viktig som ei god fysisk helse.

I dag ser vi dessverre at forekomsten av depresjon, angst og andre psykiske lidelsar har auka betrakteleg, spesielt hos yngre mennesker. Talla viser at sjølv om stadig nye medisinar og behandlingsmetodar blir utvikla, så fortsett psykiske lidelsar å eskalere. I tillegg til å vere eit symptom på individuell helse, meiner Dei Grøne at mental folkehelse er eit speilbilde av samfunnet vi lever i. Behandling, forebygging og rehabilitering er grunnleggande, men vi trur og det er avgjerande med ei meir heilheitleg tilnerming og at vi ser på samfunnsmessige faktorar som kan ligge til grunn.

Overdreven testing i skulen, produktutvikling og markedsføring som fortel oss kven vi bør vere, eit uoppnåelig skjønnhetsideal, overveldande mange mulegheiter og lite kontakt mellom generasjonar, er alle mulege medvirkande årsaker til dagens auking i psykiske problem. Med dagens vekstøkonomi og eit einsidig fokus på forbruk og kamp om ressursar, har vi skapt eit samfunn som vektlegg individualisme, konkurranse, kroppspress og den enkelte sine mulegheiter framfor fellesskap, medmennesklegheit og avhengigheit til kvarandre og ressursane rundt oss. Ikkje berre fører dette til ei rovdrift av jorda vår, men og til ei rovdrift av menneska som bur her. Dei Grøne ønsker å jobbe for endringar som legg til rette for medmennesklegheit og økologisk balanse i samfunnet vårt, framfor konkurranse og økonomisk vekst og meiner det fins mange gode forebyggande løysingar for mental helse.

På landsmøtet til MDG vedtok vi blant anna ein resolusjon om merking av retusjert reklame. Vi blir dagleg overlessa av retusjert reklame for produkt som skal gjere oss tynnare, meir attraktive og meir vellykka. I tillegg til å ofte vise eit bilde av kvinner som underdanige, bidrar det til å bygge opp under kroppshysteriet som vi veit påvirkar unge si psykiske helse negativt. I dag lider 50.000 norske kvinner av spiseforstyrrelsar og anoreksi er den tredje vanligste dødsårsaken i Europa. Ifølge SIFO-rapporten «Kroppspress og retusjert reklame» fra 2014 svarer 85 prosent av jentene og 30 prosent av gutane at dei opplever kroppspress. Reklame som villedar forbrukaren er ulovleg og i strid med markedsføringslova. I Storbritannia har eit selskap blitt dømt i retten for å villede forbrukaren med reklame som var retusjert og i USA utreder kongressen eit forbod. Her i Norge går Miljøpartiet Dei Grøne inn for at reklame som framstiller manipulerte menneske skal vere tydeleg merka. Vi meiner det er eit lite, men viktig steg på vegen til eit lykkeligare og meir medmenneskleg samfunn.