Eg skreiv eit lite innlegg her i avisa for eit par veker sidan om at insekta langt på veg er forsvunne. Heime hos oss har vi no sett eit konkret resultat av dette.

Ein kjøttmeisfamilie har hatt tilhald i fuglekassen vår i to år, truleg den same begge åra. I år førte dei fram to kull. Av det første kullet var ein unge død, viste det seg. I det andre kullet var alle døde.

Da aktiviteten etter andre kullet var slutt, opna vi kassen og tok ut reiret. Det utgjorde ein «kube» med sider på ca 10 cm, der nedre delen bestod av høy og øvre delen av ull og hår, med ei djup reirgrop i midten.

Reirgropa skulle no ha vore tom, men det låg eit egg og to døde fugleungar der, små og nakne, skriver Johan G. Foss. Foto: Privat

OLAVSFEST: Adressa-samtalen 3. august: Åslaug Haga og Dag O. Hessen om natur vs. utbygging. Se hele programmet her.

Reirgropa skulle no ha vore tom, men det låg eit egg og to døde fugleungar der, små og nakne. Da vi bretta ut sidene på reirkuben, kom det til syne tre små nakne fugleungar til. Det såg ut til at heile kullet hadde dødd etter få dagar, åpenbart av svolt. Foreldra hadde ikkje greidd å skaffe mat til dei. Det overraskar eigentleg ikkje, når insekta som dei skal leva av, er borte. Det er omfattande endringar som går føre seg i naturen.

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe