No brenn kvinnene hijaben og klipper av seg håret i protest. Kvinner spelar utan tvil hovudrolla i dei iranske opprøret, men kor unikt er dette, og kva har det å sei?

I Iran har det over tid bygd seg opp stor frustrasjon over det politiske regimet, det berykta moralpolitiet, og den økonomiske situasjonen. Men det som nyleg fekk begeret til å renne over, var nyhendene om at ei ung kvinne døydde i moralpolitiet sin varetekt. No brenn kvinnene hijaben og klipper av seg håret i protest. Kvinner spelar utan tvil hovudrolla i dei iranske opprøret, men kor unikt er dette, og kva har det å sei?

Ingrid Vik Bakken Foto: Elin Iversen

Kvinnene i Iran har ei lang historie med å protestere, dei var sentrale under revolusjonen i 1979 og har ved fleire høve delteke i protestar mot presteregimet. I dagens Iran er det tilsynelatande den yngste generasjonen kvinner som leiar dei mest risikofylte demonstrasjonane, men i bakgrunnen har dei sannsynlegvis støtte i og logistikkhjelp av eit breidt spekter av kvinner. Dette er ikkje unikt for Iran; forskning syner at kvinner ofte er gode på å byggje nettverk på tvers av sosiale, geografiske og etniske grupper. Dette såg ein til dømes i Sudan i 2019, kor mobiliseringen av kvinner frå alle samfunnslag var viktig.

Vidare ser vi at kvinnene i Iran aktivt brukar taktikkar som bryt med dei etablerte kjønnsnormene, for eksempel ved at dei set fyr på hijaben og klipper av seg håret. Dette er svært virkningsfulle handlingar fordi dei bryt med det vi forventar at kvinner skal gjere, og dei går på tvers av dei feminine normene. Å bruke sin eigen kvinneligheit, bryte normer for å sjokkere eller appellere, er også noko vi har sett i andre kontekstar, for eksempel i Liberia, då kvinneaktivistar kledde av seg for å tvinge dei krigande til ei fredsløysing. Nettopp på grunn av stereotypiske normer om at kvinner skal vere rolege, fredelege, ordentlege, og ikkje minst, påkledde, har kvinner eit unikt repertoar av kreative taktikkar som menn ikkje har same tilgang på.

Det var drapet på ei ung og uskuldig kvinne, Mahsa Amini, som fekk iranerane til å sjå raudt. Etter å ha blitt stoppa på gata på grunn av tilsynelatande feil bruk av hijab vart den unge kvinna tatt med i varetekt. Ikkje lenge etter vart ho sendt til sjukehus med livstrugande skadar, som gjorde at ho mista livet. Ville eit drap på ein mann vekt like stor harme? Det kan tenkast at det blei ein ekstra stor «backlash» fordi det var ei ung kvinne som var offeret. Ei slik hending har nær sagt ingen legimitet og vekkar avsky, sinne og fordømmelse blant menn såvel som kvinner. Regimer som Iran brukar store ressursar på å skremme befolkninga si til å vere lojale gjennom truslar, vald og intimidering. Men denne typen undertrykking kan virke motsatt av sin hensikt. Vi ser at drapet har rysta menn på lik linje med kvinner, som mobiliserer og sluttar seg til kravet om revolusjon.

Iranske kvinner og menn krev rettferd og ropar namnet til Mahsa Amini. Dei har to sentrale krav: at kvinner får like rettigheiter og at regimet skal gå av. At nettopp kvinnerettigheiter har ein så stor plass blant demonstrantane er noko unikt. I andre opprør, til dømes den såkalte arabiske våren, måtte kvinneaktivistar kjempe hardt for at også kvinners rettigheiter skulle stå på parolene. Vi har sett fleire gonger at eit konservativt regime kan bli velta av ein endå meir konservativ opposisjon. Difor er det positivt for kvinnene at nettopp deira rettar er eit symbol på den endringa mange iranarar ønskjer seg. Dersom protestane held fram og og eit mangfald av organisasjonar sluttar seg til, vil det kanskje bety at fleire menn tek over styringa. Då er det viktig at kvinnene sine stemmer ikkje druknar, og at dei sikrar at ei eventuell politisk endring inneber at kvinnekravet framleis står sentralt.

Ingen veit korleis protestane kjem til å ende denne gongen. Men protestane syner med all klarheit det enorme mobiliseringspotensialet som kvinner har. Kvinner utgjer halve befolkninga, men ein del regimer der ute har likevel lenge trudd at dei kan behandle kvinner som dei vil. Kanskje basert på ein antakelse om at kvinner ikkje svarar på undertrykking med protestar og opprør? Protestane syner derimot at kvinner har ressursar, mot og evne til å bygge ein bevegelse som kan velte sjølv eit regime som Iran. Skulle denne protestbølga bli slått ned på vil det ikkje bety at raseriet og misnøyen blir borte. Vi bør alle støtte krava til dei modige aktivistane som risikerer livet sitt for ei bedre framtid.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe