Trøndelagsmøtet er ein årleg samfunnskonferanse som averterast som «Trøndelags viktigaste møteplass». Årets utgåve fekk kritikk av debattjournalist Fatima Almanea for å ikkje gjere plass til mangfaldsrepresentasjon. Over to dagar blei ingen personar med funksjonsnedsetting eller ein annan etnisk gruppe representert i programmet. Dette er dessverre ikkje overraskande å lese om.

I Trøndelag, som i Norge, finnast det eit stort mangfald blant befolkninga. Dette gjeld både etnisk, kulturelt og nasjonalt mangfald, ulike kjønnsidentitetar, seksualitet og funksjonsvariasjonar. På tross av dette mangfaldet ser vi gong på gong at store offentlege arrangement blir dominert av personar som representerer majoritetsbefolkninga.

Mangfaldsrepresentasjon har fleire dimensjonar. Først og fremst har synleg representasjon ein sterk symboleffekt. Mange av oss er der vi er i dag fordi vi har hatt mentorer, rollemodellar og andre som vi har sett oss sjølve i, eller som har sett oss og gitt oss trua på at vi kan nå langt i våre felt. Å aldri sjå nokon som liknar på ein sjølv i store arena har ein sterk ekskluderande effekt, eit implisitt bodskap om at du ikkje høyrer til berre fordi du er den du er. Derfor bør arrangørar som Trøndelagsmøtet være bevisst på kven som slepp til ordet og får representere sine einingar.

Mangel på synleg mangfald kan også være symptom på eit større problem internt i ulike sektorar sin kultur. Når man endar opp med eit program som er prega av veldig lite mangfald, er det verdt å stille spørsmål ved kven som utformar programmet, kven som blir invitert- eller blir oversett. Kort sagt: Kven som har makt i sektoren, og korleis dei brukar denne til å fremje eller ikkje fremje mangfald.

Ta for eksempel det Fatima skriv om at det var NAV-direktør Torbjørn Aas som hadde ein appell til forsamlinga om behovet for å få fleire i arbeid, gjerne blant personar med minoritetsbakgrunn og redusert funksjonsnivå. I tillegg til denne appellen hadde det vært interessant å høyre frå nokon som har erfaring frå den andre sida av systemet: som har ein funksjonsvariasjon eller ein minoritetsbakgrunn. Det ville vært spennande og lærerikt å høyre om personlege erfaringar, og dette ville samtidig vært ein god måte å oppnå mangfaldsrepresentasjon på. Når personar frå gruppa blir omtalt, men ikkje representert, kan vi stille spørsmål ved kven som får fortelje sin historie, og kven som står i bakgrunnen og får sine historie fortalt for seg.

Dette betyr ikkje at mangfaldsrepresentasjon er eit slags hjelpetiltak. Å opne opp for og synleggjere mangfald betyr å ta i bruk ressursane som finnast i befolkninga. Det sit garantert personar med potensiale og interessante erfaringar som har mykje å kome med til arrangement som Trøndelagsmøtet. Når mangfaldet som finnast i samfunnet ikkje blir reflektert i slike arrangement, er det vi som samfunn som mistar viktige stemmer og nye, friske perspektiv på samfunnsutfordringar, utvikling og innovasjon.

Kva kan Trøndelagsmøtet gjere?

På eit generelt grunnlag er mine råd til arrangørane av Trøndelagsmøtet:

Vær bevisst mangfaldet som eksisterer i sektoren, og sjå på dette mangfaldet som ein ressurs.

Inviter gjerne personar med minoritetsbakgrunn med i planlegginga av programmet, ikkje vent til slutten med å invitere nokon som kan «representere mangfald utad». Det finnast garantert flinke, ressurssterke, innovative og kreative personar som har mykje å bidra med.

Ikkje behandle desse flinke personane som eit slags «alibi» for mangfald. Eit overdrevent fokus på ein person sin bakgrunn, hudfarge, religion eller funksjonsnivå kan verke ekskluderande og redusere ressurssterke individ til ambassadørar for sin gruppe. Be folk bidra fordi dei har noko nyttig å komme med, ikkje berre for å oppfylle ein kvote.

Det er flott å sjå at Bjørn Langli, prosjektleiar for Trøndelagsmøtet, tar utfordringa for arbeidet mot neste års møte. Trøndelag er ein flott region med mykje mangfald, la oss gjere ein god jobb med å vise dette framover!

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!