Media har fått det med seg. Mange stadar i Noreg er det så vidt vaktordninga for veterinærar går rundt. Det blir også meldt frå om tilfelle der dyreeigarar ikkje har fått hjelp ved akutt sjukdom på sine firbeinte. Område der det ikkje er veterinærar nok til å dekka opp vakta. Ingen til å rykka ut når kalvinga stoppar opp, når hesten rullar seg i kolikksmerter eller hunden er dårleg etter hoggormbitt.

Vakta er eit kommunalt ansvar frå klokka 16.00 til 08.00 neste morgon. Det er dei som er lovpålagt å sørga for tilfredsstillande tilgang på veterinærtenester. Likevel er mange kommunar knapt klar over dette ansvaret, fordi det vanlege har vore at veterinærane ordnar opp sjølve. Er ein veterinær sjuk, stepper ein annan kollega inn. Er det nok å gjera på dagtid, slik at ein kan vera mange å dela på vakta, så løyser det seg oftast.

Innleggsforfatteren Rannveig Farestveit, veterinær på Snåsa. Foto: Privat

Situasjonen mange stader i landet er ikkje lengre slik. Det gjeld også i Trøndelag. Færre bønder, mindre sjukdom blant produksjonsdyra, og somme plasser storfebønder som tek inseminasjonskurs sjølve. Dagar med berre eit eller to innringte oppdrag. Likevel skal ein dekke opp resten av døgnet, i tilfelle akutt sjukdom, heile året. Det er difor ein har endt opp med ein vanskeleg vaktsituasjon mange stader.

Trøndelag er eit stort fylke, inndelt i fleire vaktdistrikt. Det er viktig å presisera at næringsgrunnlaget vil variera mellom dei ulike distrikta. På Snåsa, der eg kjører, har det vorte krevjande å oppretthalda god nok bemanning. Minkande arbeidsmengde på dagtid, skapar definitivt ei utfordring. Mange dagar er det berre nok arbeid til ein person. Me forsøker likevel å vera tre personar å dela på dette, skal me få vakta til å gå opp.

Målet med den veterinære vaktordninga i eit område, bør vera at den minst er tre- eller firdelt. Det vil sei at ein er tre eller fire til å dela på kveldar, netter og helger. Og sjølvsagt, kan ein vera fire, vil dette skapa ei langt meir robust ordning enn å vera tre. Når næringsgrunnlaget på dagtid knapt nok held til to, kva gjer ein då? Å ha vakt annankvar kveld og annankvar helg er tøft, og ikkje minst lite foreneleg med eit familieliv. Kva om den eine i vaktsamarbeidet skadar seg? Vert langvarig sjuk? Det heile blir utruleg sårbart.

Slik eg ser det, er det ikkje rart ein slit med å rekruttera veterinærar til denne typen arbeid. Som veterinær kjenner ein oftast på eit utruleg stort ansvar. Ansvar for dyra og ansvar for å yta trygg og god service ovanfor dyreeigar. Ein strekkjer seg langt for å stilla opp. Av og til strekkjer ein seg for langt. Ein ender kanskje opp med å kjøra fleire helger på rad, eller måtte ut nattetid fleire netter etter kvarandre. Likevel er ein igang att neste morgon.

Ansvarskjensla vår sit djupt. Og ein vil jo aller helst kunne jobba som veterinær. Ein vil aller helst ut å tilby god service. Jobba med det ein likar best. Men ein stad kan det sei stopp også for ein pliktoppfyllande veterinær med stort hjarte for yrket. Løysinga på vaktproblematikken ligg politisk. Det er idag meir forlokkande med andre typar jobbar innan yrket. Arbeid der ein i størst grad jobbar dagtid. For å løyse situasjonen som er i ferd med å utvikla seg i landet, må det å jobba som produksjonsdyrveterinær og kjøra vakt, gjerast leveleg. Dei økonomiske rammene må vera i botnen. Ein kan ikkje leva av vakt.

Eksempelvis er den kommunale vaktgodtgjersla til ein veterinær frå klokka 16 til 22 i underkant av 800 kroner. Inntekta må vera der på dagtid, trass få oppdrag. Dette må skapa grunnlaget for levebrød til nok veterinærar i eit vaktområde. Berre slik vil vaktordninga kunne halde fram, også i dei næringsfattige områda. Skjer det ikkje noko, vil fleire dyreeigarar oppleva det alle fryktar. Det å ikkje få hjelp når dei verkeleg treng det. Dette er det ingen av oss som ynskjer.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe