For godt til å være sant? Nei ikkje denne gongen. Sverige har dekka det meste av sitt behov for oppvarming med jordvarme, og i heile Europa er jordvarme i sterk vekst. Det beste er at dette kan skje utan store naturinngrep. Vi snakkar om eit hol i bakken.

Og sjøvatn? For eksempel har Nordfjordeid blitt oppvarma av vatn frå fjorden sidan 2004. Sjøvatnet sirkulerer i rør og lokale varmepumper tar ut varmen. Vatnet kan også brukast til kjøling. Hammerfest nye sjukehus har innført same systemet.

Og geotermisk energi? Norsk sokkel har 5000 brønnar med oppvarma vatn som held frå 90 til 180 grader. I djupe brønnar er temperaturen endå høgare, og det er mogleg å bygge store varmekraftverk på gamle plattformar. Men det hastar, no skrotar vi plattformar og pluggar brønnar fordi staten betalar.

Og framfor alt må vi bruke mindre energi. Omlag 70 prosent av norsk kraft går no til oppvarming, og energisparing og energieffektivisering kan redusere straumforbruket og frigjere kraft som kan gå til fornybar omstilling.

Så kvifor blir ikkje evigvarande, fornybar energi som ligg rett under beina våre rulla ut i stor skala?

Oljelobbyen har dessverre fått gjennomslag for at fornybar energiproduksjon skal integrerast i pågåande oljeverksemd. Landstraum og havvind skal brukast til å få opp den siste oljen og forlenge oljealderen. For eksempel Hywind Tampen produserer no vindkraft som aukar trykket i gamle oljebrønnar på Snorre og Gullfaks.

Trøndersk klimatoppmøte på måndag skal bli interessant. Er det lov å håpe at politikarar og næringsliv vil satse på jord-og sjøvarme i tillegg til sol? Eller skal vi fortsette å bygge ned landet med unødvendig vindkraft for å grønvaske olja?

SE OGSÅ: FOLKEMØTE 20. mars: Trøndersk klimatoppmøte 2023: Det store energidilemmaet

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!