Er visjonen for Midtbyen eit stort kjøpesenter med parkering i kjellaren og bustader på taket?

Nok ein gong er det blåst liv i debatten om framtida til Midtbyen. Det er bra! Det er derimot urovekkande at mange av argumenta i denne debatten kan opplevast som eit gufs frå fortida: «Vi må regne med at den fornyelsen i Midtbyen som nå er i gang, vil gripe mer og mer om seg .. det må planlegges for fremtiden … og en må ikke se for smått på disse spørsmålene … Den gamle bykjerne (Midtbyen) må da også ha krav på funksjons- messig fornyelse» stod det i rådmannen si innstilling til bystyret i 1969.

Den gongen galdt det riving av Svaneapoteket og Hornemanns- gården på Torget. Svane- apoteket skulle rivast for å gi plass til Trondhjem Sparebank sitt nybygg og tomta til Hornemannsgården skulle gi plass til nytt rådhus eller politihus. I dag er dei fleste glade for at folkeleg motstand gjorde at dei verdfulle trepaléa vart sparte. I staden fekk Trondhjem Sparebank rive den staselege Adresseavisens gård i Søndre gate. Saman med andre bank- og forsikringsbygg kom desse finansinstitusjonane til å legge ei død hand over det meste av bylivet i Søndre gata i mange tiår framover.

I dag er kommunen ute i det same ærendet. Den mektige eigedomsbransjen har kjøpt opp nesten heile Midtbyen og treng avkasting på investering- ane sine. Den største avkastinga får ein i dag i bustadmarknaden og avkastinga blir større dess høgare ein får bygge. Her deler Trondheim kommune tydelegvis eigedomsbransjen sin visjon for Midtbyen som eit stort kjøpesenter med parkering i kjellaren og bustadar på taket! Midtbyplanen som vart vedtatt i 1981 har derimot prøvd å halde byggehøgdene nede i det historiske sentrum av Trondheim. Det var to viktige grunnar til det:

For det første var byens identitet knytt til den lave trehusbebyggelsen i Midtbyen. Ingen høghus utanom Nidarosdomen skulle rage opp og utfordre dette bylandskapet. Samspelet mellom den monumentale byplanen til Cicignon og dei lave trehusa har gitt byen sin spesielle karakter. Men treby-karakteren er ikkje berre knytt til høgder og skala, men også til byhusa sin typologi med ein hovudbygning vend mot gata, eit stort og romsleg gårdsrom og ein frodig bakgårdsbebyggelse. Denne typologien skaper viktige bustad- og bykvalitetar. Derfor er det ille at desse gardsromma ofte blir brukt til lagringsplass, parkering og oppbevaring av søppel. Men dette må ikkje brukast som eit argument for å fylle desse gårdsromma med høge bustadblokker, slik vi ser mange forslag om i dag.

For det andre var det viktig å halde tomteutnyttinga nede for å ikkje skape eit stort misforhold mellom tomteverdien i Midtbyen og den økonomiske avkastinga som den lave trehusbebyggelsen kan gi. Jo høgare ein fekk bygge, dess høgare vart tomteprisen. Dette vart sett på som eit trugsmål mot dei lave trehusa. Det var derfor ein grunn- leggande premiss i Midtby- planen å halde tomteutnyttinga uendra for å verne om trebykarakteren i Midtbyen. Dette var eit av Midtbyplanens viktigaste formål.

Det blir i dag måla eit skremmebilde av tilstanden til Midtbyen: «Midtbyen i dødens posisjon», « På høy tid for Midtbyen», som om Midtbyen ligg for døden. «Hvis ikke den gamle bykjernen fornyes i det hele tatt vil byen dø ut», var kommuneadministrasjonen sitt skremmebilde i 1967 (Adressa 11.12.1967). Med utgangspunkt i ein tilsvarande virkelighets- beskrivelse skal Midtbyplanen fornyast og «tilpasses vår tid».

Det er rett at Midtbyplanen aldri har fungert som eit skikkeleg vern om trebyen og at han er uthola av dispensasjonar. Like etter at planen var vedtatt, vart han utfordra av prosjekt som Royal Garden Hotell. Seinare kom Olavskvartalet og Trondheim Torg og ei rekke små og store dispensasjonar frå byggehøgder og tomte- utnytting. I dag er det byggehøgder på sju etasjar som er regelen og ikkje Midt- byplanens føresegner om maksimalt fire etasjar. Problemet er likevel ikkje at Midtbyplanen er for svak eller har gått ut på dato, men at fleirtalet av politikarane i byen har mangla evne og vilje til å følgje opp planen sine intensjonar om å ta vare på trebykarakteren.

Det er faktisk ikkje tilfelle at Midtbyen ligg for døden. Det er tvert om eit aukande press på Midtbyen. Det vi ser av tomme lokale kan ofte ha samanheng med at lokala vert haldne tomme i påvente av at ein ny Midtbyplan skal opna for eit langt større handlingsrom for grunneigarane. Adresseavisen kunne (23.5.2015) melde at etterspørselen etter kontor- lokale i Midtbyen er stor og at Midtbyen er svært attraktiv. Dei byområde som har karakter og identitet fordi dei historiske spora er tatt vare på, er ofte også mest interessante for etableringar og investeringar.

Store aktørar i bank og forsikring har flytta tilbake til byen. Det norske oljeselskap har plassert seg midt på Torget. Adresseavisen har flytta inn i nye lokale ved Bakke bru og NTNU ønskjer å samle universitetet i ein bycampus. Dette skaper utbyggingspress i Midtbyen med ønske om store byggeprosjekt som ikkje er tilpassa Midtbyen sine historiske forutsetningar. Midtbyen treng ein plan som hindrar slike prosjekt. Samtidig hastar det med å få klargjort utbyggingsareal i sentrumsområda rundt Midtbyen.

I dette spelet om Midtbyen er det viktig å minne oss om kroverten og politikaren Martin Michaelsen sin appell på Torget i 1970: «Trondheim er en framtidsrettet by, og skal være det. Men la den ikkje bli en gold og karakterløs by for Trondheim er en by med tradisjoner og miljø – og det plikter vi å ta vare på.»