Daniel Johansen skriv i eit innlegg godt og sårt om behandlinga om folkegruppa som blir kalt dei reisande, taterane eller romanifolket har fått av den norske staten og andre. Her viser han mellom anna at undertrykking av deira eksistens, kultur, språk og identitet har pågått heilt fram til i dag.

I stykket peiker han på at også Hilmar Alexandersen var av reisande slekt, og oppfordrar også Hilmarfestivalen til «å bruke festivalen som en arena for å gi Alexandersens eget folk anerkjennelse for deres historiske bidrag til det norske musikklivet.» Dette er noko som opptar Stiftinga Hilmar Alexandersen, som er organisasjonen bak festivalen, sterkt. Det er også noko vi har arbeidt ein god del med og forsøkt å vise gjennom fleire arrangement på festivalen heilt sidan starten på tidleg 2000-tal og fram til i dag.

For oss som arbeider aktivt med tradisjonsmateriale er det ikkje noko overrasking at den norske immaterielle kulturen vart spreidd mellom område av kunstnarar innanfor reisande-slekta. I dag er kanskje dette i ferd med å bli kjent også utanfor folkemusikk- og folkedansmiljøet. For oss som kjenner repertoaret i folkemusikken, og aktørane fleire hundreår tilbake i tid, så veit vi at både Fant-Kal, Carl Jularbo, Elias Akselsen, Hilmar Alexandersen og Åge Aleksandersen (for berre å nemne nokre) alle er greiner på eit familietre som har berika den nordiske folkekulturen på ulike og personlege måtar gjennom hundreåra.

Vi har gjennom åra med jamne mellomrom hatt både seminar og konsertar som viser fram dette, og kunne kanskje også ha gjort meir. For oss har det likevel også vore viktig å løfte fram Hilmar sjølv som den kunstnaren han var, og dette utan verken å redusere eller skjule opphav eller slekt.

Vi arbeider gjerne meir også med problemstillingar Daniel Johansen tar opp, og inviterer både han og andre interesserte til å ta kontakt slik at vi kan finne felles mål å arbeide for, og styrke kvarandre i viktig arbeid.

Dette innlegget ble først publisert hos Steinkjer 24.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe