Treng vi endringar i læreplanen for å møte trugsmål mot klimaet og demokratiet? Historia om ei jente frå Trondheim som vart drepen i Auschwitz, gir kanskje nokre svar.

I ein noko bortgøymd park i Trondheim finn vi ein skulptur av ei jente. Ho sit på ein benk med føtene dinglande i lufta og ei skuleveske kvilande i fanget. Skulpturen er til minne om Cissi Klein. Som barn leika ho her og budde i ein av bygardane som omkrinsar parken. Cissi Klein var jøde, og den 25. november 1942 vart ho henta av politiet i klasserommet på skolen. Saman med familien vart ho internert i ei leilegheit i byen og etter nokre veker sett på eit tog til Oslo. Derfrå vart ho sendt vidare til Auschwitz. Der vart ho drepen ved framkomst, 13 år gamal.

Historia er rystande. Sidan Cissi Klein budde i den same byen som meg, har historia hennar gjort Holocaust til eit meir nærverande aspekt ved staden eg bur. Men det har også påverka forholdet mitt til dagens samfunn. Til dømes kjenner eg eit tydelegare ansvar for å ta vare på ein open kultur og er meir uroa for tendensar som kan svekke demokratiet. Historia om Klein har slik gitt meg ein tydelegare identitet. Ho har gitt meg ei sterkare tilknyting til byen og til lokalsamfunnet. Eg har fått eit klårare bilete av kva eg er ansvarleg for, og kva verdiar eg bør orientere meg etter. Snart får vi enda meir kunnskap om kven ho var, når Geir Svardal kjem med ei bok om ho. I 2024 står også den splitter nye Cissi Klein videregående skole klar på Falkenborg, øst i Trondheim.

For meg har altså historia om Cissi Klein vore dannande slik teoretikaren Wolfgang Klafki formulerer det, som «en slik viten som så å si vekker til live et nytt organ som … menneske kan se historisk med, og det åpnes for innsikter og ansvarsfølelse som det tidligere ikke var i stand til å oppfatte og forstå». Korleis historia om Cissi Klein er eit døme på dannande kunnskap, er noko eg har skreve meir utførleg om i Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk nyleg.

Og i Kunnskapsløftet 2020, altså skulen sin nye læreplan, har danninga til elevane faktisk fått større plass. Danning settast i samanheng med store samfunnsutfordringar, som klima, demokrati og psykisk helse. I læreplanen kjem det til uttrykk gjennom innføringa av tre overgripande tema; berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring.

Dette er eit viktig grep. Eg ser den nye læreplanen som eit signal om at utfordringar som miljø og demokrati faktisk har ein dannings- eller verdidimensjon. Det å møte desse utfordringane inneber å ta stilling kva klode vi vil bu på, kva samfunn vi vil ha eller kva liv vi ønskjer å leve. Dette er spørsmål om danning og identitet: Kva held vi for verdifullt, kva er vi ansvarleg for? Det er ein klar styrke ved den nye læreplanen.

Odin Fauskevåg Foto: Privat

Dessverre blir desse gode intensjonane underminert fordi kompetanse tar for stor plass i læreplanen. Kompetanse er sjølvsagt heilt sentralt for elevane, men det blir feil å anta at det aleine vil danne elevane. Denne feilen gjer læreplanen. Ifølgje læreplanen handlar kompetanse blant anna om å avvende kunnskap for å «løyse problem», reflektere analytisk, vitskapeleg og etisk. Men eit danna menneske er meir enn eit kompetent menneske, noko historia om Cissi Klein er meint å illustrere.

Kunnskapen om skjebnen hennar hjelpte meg ikkje nødvendigvis å «løyse problem», men gjorde heller verda meir kompleks, fleirtydig og krevjande å forholde seg til. Men eg fekk fleire tankar om kven eg vil vere, kva samfunn eg vil bidra til å skape, kva som er verdifullt, betydingsfullt og forpliktande for meg. Kunnskapen var dannande, fordi han utvida den normative horisonten eg treng for å orientere meg i livet.

Poenget mitt er at læreplanen si vektlegging av kompetanse kan fortrengje målet om danning. Faren er då at dei dannande tema ikkje bidreg til å utvikle den eksistensielle eller normative horisonten til elevane. Folkehelse og livsmeistring orienterast mot emosjonelle kompetansar som sjølvregulering, og ikkje mot eksistensielle spørsmål om verdi og meining.

Demokrati og medborgarskap gir elevane kunnskap om demokratiske prosessar, men kanskje ikkje nok kunnskap som utviklar ansvar, solidaritet og identitet, som historia om Cissi Klein illustrerte. Berekraftig utvikling blir forstått som evna til å handtere miljøutfordringar, og men kanskje ikkje nok om å utvikle eit meiningsgjevande forhold til naturen.

Problema eg peiker på, handlar om dagens læreplan. Det tyder sjølvsagt ikkje at dagens lærarar ikkje dannar elevane. Tvert i mot er eg sikker på at mange lærarar i Trondheim snakkar med engasjement Cissi Kleins skjebne og andre dannande tematikkar. Og det er viktig, for eg trur evna til å møte trugsmåla mot klima og demokrati vi som samfunnet står overfor, er avhengig av danning, og ikkje berre kompetanse. Mennesket endrar ikkje verda berre gjennom kompetent meistring av problem og utfordringar. Slik endring skjer når vi tek del i ei verd fylt av verdi, ansvar og subjektiv betydning. Dette danna forholdet utviklast til dømes gjennom historier som den til Cissi Klein.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe