Trondheim bystyre kan stå fram som lite truverdig i miljøpolitikken dersom det vedtar å lokalisere ny messehall på Øya i staden for å følgje sine vedtekne byutviklingsprinsipp.

Trondheim står overfor store utfordringar i tida framover. Byen er ein av storbyane i Norge som veks mest. Denne veksten krev areal og fører til auke i transportbehovet.

Samtidig har bystyret sagt at denne veksten må skje utan at byen sine miljøkvalitetar blir redusert og at utslepp frå transportverksemda ikkje må auke.

Miljøvenleg transport som gange, sykkel og kollektivtransport skal dekke auken i transportbehovet! Dette blir ei krevjande oppgåve som har store konsekvensar for byutviklinga. I kommuneplanens arealdel har bystyret derfor lagt viktige, langsiktige byutviklingsprinsipp til grunn.

Ein av kommuneplanens viktigaste premissar er: Rett verksemd på rett plass!

Kommuneplanen hevdar at ei arealutvikling i tråd med dette prinsippet, er eit viktig vilkår for å kunne bygge ut byen utan at klimagassar frå transportsektoren aukar i tida framover, men heller blir redusert. Kva inneber dette?

Verksemder som medfører mange arbeidsplassar eller tar imot mange besøkande, skal lokaliserast i område som er lett tilgjengeleg for miljøvennleg transport, spesielt kollektivtransport. Desse områda bør ha vesentlege restriksjonar på biltrafikken for å hindre at folk brukar privatbil der ein lett kan ta seg fram med buss.

I overkant av 600 personer gikk i protesttog mot utvidelsen av Trondheim spektrum.

Slike område blir gjerne kalla A-område. Midtbyen og området sørover mot Lerkendal og austover mot Strindheim er slike A-område.

Område som har god tilgjengelegheit både med buss og bil, kallar vi B-område. Eksempel på dette er Sorgenfri – Sluppen og Strindheim - Leangen.

Område som har låg kollektivdekning, men god biltilgjengelegheit er C-område. Store område rundt Omkøyringsvegen er typiske C-område. I C-områda ser ein helst at det blir bygd bilorienterte verksemder, arealkrevjande industri, lager og liknande.

Prinsippet om rett verksemd på rett plass blir derfor kalla ABC-prinsippet og blir lagt til grunn for byutvikling og lokaliseringspolitikk i alle større byar for å redusere privatbilbruk og klimagassutslepp.

Dette er eit prinsipp som også er nedfelt i kommuneplanen for Trondheim og skal leggast til grunn for viktige lokaliseringssaker - som i spørsmålet om lokalisering av ny messehall i byen.

I følgje kommuneplanens arealdel er Nidarø eit område som har dårleg tilgjengelegheit både med kollektivtransport og bil. Det er langt til nærmaste busshaldeplass og bilar må køyre over sjukehusområdet og gjennom tronge bustadgater for å komme til Nidarø. Ein må derfor unngå å lokalisere verksemder som krev god tilgjengelegheit i dette området. Område som Nidarø passar best til parkområde, men kan også i ein viss utstrekning byggast ut til bustader.

Les også: Her er hele Nidarødebatten. Over 90 innlegg: 77 nei, 11 ja og 4 tja.l

Store publikumsorienterte idrettsanlegg og messehall som inneber mange besøkande, men som også kan ha behov for tilgang med bil, må ein lokalisere i område som ein lett kan nå både med kollektivtransport og med bil. Dette gjeld ikkje berre ut frå eit miljøsynspunkt, men også av omsyn til publikum som lett skal kunne ta seg fram til området, messe- og konsertarrangørane som skal ha god tilkomst for store trailerar med utstyr.

Prinsippet om «rett verksemd på rett plass» bør vere lett å følgje i viktige lokaliseringssaker. Men ofte ser vi at slike langsiktige byutviklingsprinsipp må vike for kortsiktige økonomiske omsyn. Det er nettopp dette som nå kan vere i ferd med å skje i samband med utbygginga av Nidarøhallen. Dei viktigaste argumenta for å legge storhallen til Nidarø blir av tilhengarane presentert som: «Det blir for dyrt å bygge messehallen andre stader». «Kommunen eig for tida ingen andre aktuelle tomtar». «Ein har dårleg tid dersom hallen skal stå ferdig til EM i handball i 2020». Målet om å sikre ei berekraftig byutvikling, kan stå i fare for å vike for ønsket om å få vere med å arrangere EM i handball! Trondheim bystyre kan risikere stå fram som lite truverdig i miljøpolitikken dersom det vedtar å lokaliser ny messehall på Øya i staden for å følgje dei byutviklingsprinsippa det har vedtatt.

Les også debattinnlegget: «Dermed startet flere års mareritt for meg. Det ble så ille at jeg måtte slutte å bruke balkongen, slutte å lufte fra stua»

«Trondheim skal vere ein berekraftig by det er lett å leve miljøvenleg i» er målformuleringa i mange av kommunen sine styringsdokument og som politikarane i byen gjerne tar fram i sine festtaler. Velmeinte ord kan lett bli sittande fast i halsen når ein oppdagar at handling ikkje nødvendigvis følgjer ord. Skal Trondheim vere ein berekraftig by det er lett å leve miljøvenleg i, er det viktig å arbeide langsiktig med å utvikle ein bystruktur der forholda er lagt til rette for å leve miljøvenleg, der det er meir naturleg å gå, sykle og ta buss enn å køyre bil. Eit viktig vilkår for dette er rett verksemd på rett plass!

Det er tydeleg at utgreiingsarbeidet har vore mangelfullt, sjølv om mange i kommunen hevdar det motsette. Fleire gode lokaliseringsalternativ er ikkje vurdert fordi kortsiktige, økonomiske omsyn har ekskludert dei.

I det vidare planarbeidet må derfor kommunen undersøke om det finnes eigna areal på Sluppen, Sorgenfri eller på Leangen som passer betre til prinsippet om rett verksemd på rett plass. Det vil ikkje berre bebuarane på Øya vere tente med, men også idretten, messe- og konsertarrangørane, publikum – og ikkje minst miljøet.

Hør våre kommentatorer snakke om Robert Erikssons boklansering, fremtidens Trondheim og tv-serien «Nobel»

Les flere debattinnlegg på adressa.no/meninger

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter.