Pandemi og heimekontor har ført til ein ny arbeidskvardag for mange av oss. No står endeleg ein pandemifri sommar for tur, men kor mykje koplar me eigentleg av? Undersøkingar tydar på at mange arbeidar meir ubetalt og let skiljet mellom jobb og fritid flyte litt ekstra etter at kontorstolen blei med oss heim. Me vil difor rope litt varsko no som batteria skal ladast og anbefala at heimekontoret får støve ned i sommar.

Misforstå meg rett, som leier for ingeniørane og teknologane i NitoTrøndelag sør er eg teknologioptimist og set pris på moglegheitene og fleksibiliteten ny teknologi gir oss i ein hektisk kvardag. Samstundes blir dette fort ei «honningfelle» om ein ikkje er forsiktig og let seg lokke av heimekontorets moglegheiter i ferien.

Heimekontoret har komme for å bli, og eg er sikker på at partane i arbeidslivet finn gode løysningar for framtida. Likevel er det dagens situasjon som bekymrar meg før ferien. Nito har i fleire år spurt våre medlemmar om tilgjengelegheit i sommarferien, og aldri før har så mange som no sagt at dei håpar at sjefen ikkje ringer. Det tydar på at folk treng ein pustepause og ein avkopling til ferie.

Som tillitsvalt har eg eitt godt råd å komme med mens me ventar på et meir ferdigtygga regelverk rundt heimekontor. Snakk saman! Om du og sjefen sett dykk ned før du går ut i ferie og avklarar forventningar til tilgjengelegheit, er det mykje lettare å senke skuldrane. Det fortener me alle i ferien. God sommar!

OLAVSFEST: Adressa-samtalen 29. juli: Privatøkonom Endre Jo Reite og Arman Vestad, tidligere gjeldsoffer og økonomirådgiver: Nå blir det tøffere tider. Se hele programmet her.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe