Industri gjev oss verdiskaping og arbeidsplassar. Difor må den utviklast vidare. Underleg nok legg Regjeringa fram eit statsbudsjett med sterkt auka eller ny grunnrenteskatt på to viktige område for industriutvikling, vasskraft og havbruk.

I Norge tek vi heile landet i bruk, slik skaper vi bulyst i vårt langstrekte og ressursrike land. Tidlegare brukte vi «klyngeteori» for å beskrive kva som må til for å verte konkurransedyktig. Enkeltpersonar med kunnskap og handlekraft er avgjerande. Men miljøet rundt med kompetent arbeidskraft, konkurrerande og samarbeidande bedrifter, leverandørar, opplæring og investorar må vere i utvikling. Vi må også ta med infrastruktur og stabile rammeverk.

Dessverre har vi sett at dei seinare regjeringane har svikta på fleire områder innan industriutvikling. Vi var fremst i verda på elektrifisering med rein og rimeleg vasskraft, grunnleggande for vår industrialisering og busetnad. Men norsk energipolitikk kom ut på eit feilspor med ekstrem marknadsliberalisering. Kapasiteten for eksport av krafta vår vart sterkt auka, og kraftprisane synes å bli ustabile i all framtid. Potensialet for oppgradering av vasskraft er stor. Regjeringa føreslår likevel ein kraftig auke av grunnrenta for vasskraft. Det inspirerer ikkje til nye investeringar. Regjeringa må finne andre måtar for å få styring på ein kraftpolitikk på feilspor.

At den sterkt subsidierte og ustabile vindkrafta får grunnrenteskatt er derimot heilt naturleg. Store areal i naturen blir øydelagde, inngrepa er irreversible, lokalsamfunn blir splitta. Dei importerte vindkraftanlegga frå slettelanda gjev ikkje industrielle ringverknader i Norge.

Men regjeringa kjem også med framlegg om å innføre ein ny grunnrenteskatt på havbruk. Denne næringa har utvikla seg til ei av dei viktigaste næringane langs kysten vår. Folk synes ikkje synd på laksemilliardærar eller eigarar frå utlandet. Grunnen til at eg likevel tek opp spørsmålet om grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa er fordi det gjeld Norge si framtid som industrinasjon.

Regjeringa starta med positive signal om eit grønt men udefinert industriløft for landet. Etterkvart kom det også eit ambisiøst vegkart om verkemidlar for industribygging. Dette skulle forankrast i norsk kompetanse. Eksporten frå Norge skulle auke med 50 prosent innan 2030.

Men kven skal sørge for denne industri- og eksportveksten? Våre leiande politikarar har reist land og strand rundt og snakka om vindkraft, hydrogenproduksjon, batterifabrikkar og ulike datasentra av tvilsam nytte. Det vert stilt opp store økonomiske verkemidlar. Men dette er områder der vi har liten kompetanse i Norge, heller ikkje marknadskraft eller råvarer. Dette vart starta av energibransjen og spekulantane for fleire år sidan for å blåse opp behov for meir utbygging av vindkraft.

Analyseselskapet Menon la nettopp fram ein rapport om ringverknadar av sjømatnæringa i Norge. Havbruk er raskt veksande og er no den nest største eksportnæringa i Norge. Sjømatnæringa har om lag 106 000 tilsette, med 120 milliardar i verdiskaping. Samla skatteeffekt er på 34 milliardar kroner. Havbruket sto for 70 prosent av verdien på eksport av sjømat frå Norge i 2021.

Underteikna har i et langt yrkesliv vore oppteken av rammevilkåra for norsk industri og verdiskaping. Veksten i havbruksnæring dei siste 30 åra har vore avgjerande for utvikling av lokalsamfunna langs kysten vår. I denne næringa, som påpeika av professor Torger Reve og andre forskarar, har vi bygd kompetanse og utvikla alle innsatsfaktorar i Norge. Mange av eigarane har grunnlagt verksemda sjølve og har bygd opp eigarkapitalen gjennom risikofylt utvikling og drift. Dei fleste er busette på kysten og er også ressurspersonar i sine lokalmiljøa. Det er ein matproduserande næring som ikkje mottek subsidiar men gjev store verdiar tilbake til storsamfunnet gjennom sysselsetting, utvikling av underleverandørar, opplæring, leige av sjøareal, kjøp av nye konsesjonar, og ordinær selskapsskatt. Store deler av kysten blomstrar takka være dyrking og bruk av havet. Handsaming av fisk og sjøareal, fartøy og reiskap er tusenår gamle næringar her til lands, det er difor vi bur her, og vi er mellom dei fremste i verda innan det vi kallar marine og maritime næringar.

Nå tek næringa seg også ut i det opne havet, norsk ingeniørkunst og industriell kompetanse frå havbruk og offshore industri arbeider saman. Nokon bygger anlegga på land for å få full kontroll på avfall og sjukdom. Miljøforbetring er avgjerande, ikkje minst rehabilitering av brukte sjøareal, men som i all industri er det stadig potensiale for forbetring. Havbruksnæringen gjev store industrielle ringverknader og motverkar nedbygging av industri som vi opplever på andre område. Næringa har vist vilje til å bruke «laksepengar» til å utvikle arbeidsplassar langs heile kysten, også utafor eiga næring. Ikkje minst ser vi dette godt Trøndelag. Næringa har utvikla god lønsemd dei seinare åra, dette tener både lokalsamfunna og landet.

Det er vanskeleg å sjå sterke grunnar for å inndra samfunnsnyttig og kompetent investeringskapital. Eg håpar politikarane tek ei tenkepause om grunnrenta både for oppdrettsnæringa og vasskrafta i påvente av grundige høyringar. Stabile rammeverk er avgjerande for norsk industri, for arbeidsplassane, for lokalsamfunna og for landet.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe