16. juni meldte NRK Trøndelag at det i mai hadde vore oljelekkasje frå ein turbin i vindkraftanlegget i Roan. Der står det at det og var lekkasje i februar og at 150–300 liter var spreidd for alle vindar. Sidan Trønderenergi, som driftar anlegget, ikkje har nokon grunn til å gje for høgt tal, kan vi med sikkerheit gå ut frå at det er minimum 300 liter.

I kvart turbinhus er det til saman 2000 liter olje og glykol. Vi kunne vel forventa at Trønderenergi kunne gje eksakte tal, for dei veit vel kor mykje dei må etterfylle. Komminikasjonsdirektør Laugen i Trønderenergi opplyser at lekkasje ikkje skal skje, og at dei har oppdaga sprekk i ein annan turbin. Trønderenergi vil gjere det dei kan for at lekkasje ikkje skal skje på nytt. Kva er vitsen med å uttala slikt? Hadde han sagt det motsette, ville han jo bedt om å bli anmeld.

I oppslaget til NRK er det vist eit bilete med ein slange i ein liten dam. Dette blir kalla lense og Laugen opplyser at dei har rydda opp å mykje dei kan. Han kunne jo gjerne opplyst om kor mykje olje dei har samla opp. 20 liter? Alle kan jo forstå at når olje renn ned på turbinvenger som fyk rundt med ein fart på 300 km/t, så vil oljen blir spreidd som små dropar i eit stort område. At noko fell ned i ein vasspytt og bli visande som ein tynn film er sjølsagt, men det meste er fint fordelt i myr, lav og på fjell. Her vil småkryp og planter bli forureina og reinbeite vil vere øydelagd i mange år framover.

Alle som lagrar olje er pålagd å ha ei ekstra sikring mot lekkasje. Dette har vindkrafta sleppe unna. Det er lett å forstå at det hjelper lite å lage sikringa på bakken 90 meter under når det meste er spreidd bort lenge før det når bakken. Då er det turbinhusa som er for billige og for dårleg sikra.

Kva vil bli gjort? Sjøfartsdirektoratet har ansvaret for å ta tak i dette, og dei vil vurdere anmeldelse. Dette er for dårleg. Sjølsagt må Trønderenergi bli anmeld og omfanget av forureining må bli grundig kartlagd. Er det ikkje Miljødirektoratet som har ansvar for tiltak mot forureining?

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe