Dei siste vekene har fleire husstandar i Trondheim fått beskjed om at straummålaren i huset deira skal skiftast ut med ein automatisk straummålar produsert i Kina. Innan utgangen av neste år skal alle bustader i Trondheim ha ein slik installert. Problemet med desse automatiske straummålarane er at dei er kopla mot internett, og kan dermed vert styrt av uvedkommande!

KOMMENTAR: Hvor er lovens voktere?

Den automatiske straummålaren skal lese av straumforbruket kvar time, og gje husstandane meir nøyaktig informasjon om eige forbruk, samstundes som informasjonen skal lagrast i ein nasjonal database. I tillegg kan straumselskapa kutte straumen om nødvendig. Her kjem det store problemet fram – straumen til alle i Trondheim kan kuttast med eit enkelt cyberåtak. I ein eventuell konflikt er dette svært kritisk. I ein rapport frå 2012 kom det fram at forskarorganisasjonen Sintef meiner at uvedkommande kan skaffe seg tilgang til, og kontrollere straumnettet.

Produsenten bak desse straummålarane er Kaifa frå Kina. Kva om Kina har ein bakdør inn til systemet slik at dei kan kutte straumen? Er det greitt at kritisk infrastruktur blir produsert utanfor Norge av eit land me har eit anstrengt forhold til? Hadde me akseptert dette om produsenten var frå Russland? Kinesiske myndigheiter har tidlegare installert programvare i mobiltelefonar og andre elektroniske einingar for å overvake og kontrollere verda rundt seg. Dermed er det eit betydeleg sannsyn for at dette er tilfelle med våre straummålarar. I Tromsø skal også straummålarane skiftast ut, noko fleire har vist misnøye med. Grunnen til denne misnøya er den dårlege tryggleiksfølinga, men også strålinga denne eininga vil gje frå seg. Straumleverandøren deira uttalte at dei vil kutte straumen deira om dei ikkje går med på endringa. Er det greitt at straumleverandørane kan tvinge denne endringa på oss forbrukarane, spesielt når den utgjer ein risiko mot sikkerheita til samfunnet?

Eg meiner at me må få stoppa denne utbygginga før det er for seint. Det er altfor farleg å ha moglegheita til å kutte straumen til ein heil by ved hjelp av ein datamaskin. Om produksjonen hadde gått føre seg i Norge i staden for Kina hadde utbyttinga vore noko tryggare ifølgje meg, men framleis ikkje utan problem. Når skal straumleverandørane forstå risikoen dei tek? Når skal myndigheitene setje foten ned?

Hør våre kommentatorer snakke om overgrep, krenkelser, Nobelkomiteen og valgundersøkelsen.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter