Gatebruksplanen som bystyret vedtok i fjor, skal legge til rette for mjuke trafikantar og kollektivtransport. Då trengs det meir attraktive og sikrare sykkelruter.

Trondheim har mål om at sykkeldelen skal auke til 14 prosent i 2023. Då trengst meir attraktive og sikrare sykkelruter, også til og i Midtbyen. Nå er sykkelrutene usamanhengande og utilfredsstillande, og få kryss er utforma for sykling. Trafikkreglane gjer det lovleg å sykle nesten kor som helst, i køyrebane, sykkelfelt og kollektivfelt, på sykkelvegar, fortau, gangvegar, stiar og andre fotgjengarområde.

Dette fører for det eine til at det ikkje blir bygd gode sykkelløysingar, og for det andre at ein må skifte mellom ulike stader å sykle, og skaper slik uoversiktlege situasjonar som er hovudårsaka til sykkelulykker. Mange opplever det som ukomfortabelt og farleg å sykle.

Gatebruksplanen skal legge til rette for eit samanhengande, attraktivt og trafikksikkert sykkelvegnett med skilje mellom syklar og gåande. Det er vist ein hovudsykkelring i Kjøpmannsgata, Bispegata, Elvegata/Erling Skakkes gate, Sandgata og Fjordgata. Denne er delvis gjennomført med ulike løysingar. Innanfor ringen er det tenkt eit sekundærnett. Mindre gater og veiter er tilgjengelege for sykling. Dei er kalla gågater, veiter, bylivsgater etc. utan at sykkelens status etter trafikkreglane er gjort greie for.

Sørover frå Fjordgata mot resten av Midtbyen er det berre vist samband ved Ravnkloa og i Kjøpmannsgata. Mange vil nok sykle i køyrefelt og på fortau i Søndre gate og Nordre gate. I Søndre gate er det etablert sykkelfelt frå Kongens gate til Olav Tryggvasons gate utan klar plan for kva som skal gjerast i Kongens gate. Det er heller ikkje sykkeltrase i Olav Tryggvasons gate.

For syklistar til og frå Bakke bru vil nok mange sykle i køyrefelt eller på fortau der fordi traseen i Fjordgata er ein omveg på 300 meter. I Munkegata er det ikkje vist korleis sykkelvegen skal bli, og korleis samanheng til sykkelvegen i Fjordgata skal gjerast. I Dronningens gate/Hospitalsløkkan er det vanskeleg å få til samanhengande eigen sykkeltrase, og i Erling Skakkes gate har ein ikkje funne plass til sykkelfelt forbi teateret.

Eit samanhengande sykkelnettet krev gode kryss og at ein ikkje stadig må skifte til ulike andre trasear som fortau og andre fotgjengarområde. Særleg kryssa gjer sykkelnettet usamanhengande og farleg. Undersøkingar viser at nær 70 prosent av politirapporterte sykkelulykker skjer i og i tilknyting til kryss. Nesten alle kryssulykkene er med bil. I ein tredel av dei kjem syklisten frå fortau eller gang- og eller sykkelveg. Dei fleste andre skjer ved kryssande køyreretning. Statens vegvesen har i 2017-2018 registrert fem alvorleg og 80 lettare skadde syklistar i Midtbyen, dei fleste i og ved kryss.

Gatebruksplanen er uklar om utforming av kryss. For eksempel er det uklart korleis syklistar skal svinge i det nye krysset mellom Fjordgata og Kjøpmannsgata, og det oppstår farlege situasjonar. Det er uråd å utforme fullgode kryss mellom tovegs einsidig sykkelveg og tosidige sykkelfelt i tilknytte gater.

Også i vest, der einsidig sykkelveg i Sandgata og sykkelfelt i Erling Skakkes gate skal bindast saman ved å krysse Kongens gate, og i tillegg koplast til Hospitalsløkkan og sykkelveg mot Ila, er det vanskeleg å få til ei god løysing. Planen viser sykkelkryssing i vrimlefase for gåande i fleire kryss. Dette skaper konflikt med fotgjengarar. Mange andre stader er det vist sykkelkryssing i fotgjengarfelt, som trafikkreglane legg til grunn at skal skje ved å leie sykkelen.

Sykling på fortau og andre fotgjengarområde er uheldig og farleg, også for syklistane. Den særnorske regelen som tillét vaksne å sykle på fortauet, gjev falsk tryggleik. 1-1,5 meter breitt fortau gjer det uråd å halde god avstand, og fartsgrense på seks km/t for sykling på fortau og gangveg gjer det vanskeleg å halde balansen. Med ulike andre brukarar av fortauet, blant anna el-sparkesykkel, aukar ulykkesrisikoen. Faren for uhell med fotgjengarar og andre, og risikoen ved kryssing av gate frå fortauet, gjer det ofte tryggare å sykle i køyrebanen.

Det er tvilsamt om gatebruksplanen gjer det mogleg å unngå blanding av syklar og fotgjengarar. Tvert i mot ligg det fleire stader til rette for sykling anten på fortau eller i køyrefelt, for eksempel i Olav Tryggvasons gate, Søndre gate og på Jernbanebrua. Også sykkelveg saman med fortau, som i Fjordgata, medfører konfliktar med fotgjengarar.

Vikepliktreglane er problematiske ved at bil på ei avkøyrsle har vikeplikt for syklist på sykkeltrasé som kryssar avkøyrsla, mens syklisten har vikeplikt dersom det er ein veg eller ei gate. Dette er farleg fordi det ofte er uklart kva som er avkøyrsle eller gate. I Midtbyen kan dette vere problem blant anna i Sandgata og Fjordgata.

Når det er lovleg å sykle på fortau, er det ulogisk å ha vikeplikt for bil når ein syklar i fotgjengarfeltet over gata. Å sykle i staden for å trille sykkelen er mest naturleg, og også til nytte for biltrafikken fordi det går fortare å sykle.

Gatebruksplanen gjev eit greitt grunnlag for å betre forhold for sykling i Midtbyen ved å peike ut trasear. Men det er store problem med gjennomføring av prinsippa om samanhengande sykkelvegnett med skilje mellom trafikantgrupper og få konfliktar. Det vil krevje stor innsats å gjennomføre prinsippa i praksis.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe