Første gong eg møtte ein skikkelig krigseglar var i 1977. Det var 32 år etter at andre verdskrig var slutt. Sjølsagt hadde eg høyrt om krigseglarane. Vi hadde dei her i bygda og. Ei fiskarbygd full av sjøfolk. Også dei som segla under krigen. Men eg hadde aldri møtt ein.

Roar Børø Foto: Privat

Eg måtte til Rogaland for å møte ein. Svigerfar min i ungdommen. Han tok hyre på ein båt i 1939. Sytten år gammel. Og kom ikkje heim før i 1946. Krigen kom imellom. Ingen kom seg heim før den var slutt. Heller ikkje svigerfar min. Han fortalte om konvoyane frå Halifax i Canada til Liverpool i England. Om tyske ubåtar som torpederte handelskipa. Om kameratar som måtte hoppe i sjøen. I brennande oljehelvete i havet. Og mista livet i kavet. Fortalte om mange døgn i livbåt i Nord Atlanteren. Om korleis han berga livet fordi kameraten døydde og han kunne overta kraftige lærstøvlar som han holdt seg tørr på føtene i. Kameraten måtte dei tippe overbord for at livbåten kunne flyte.

To gonger vart svigerfar torpedert. Og berga livet begge gonger. Sjøl om fleire av kameratane ikkje overlevde. Svigerfar hadde eit gårdsbruk og ein familie å koma heim til. Det berga framtida hans. Det ga han eit levebrød. Seks kyr og ein stor frukthage han kunne leva av. Men han fortalte mang ein gong kor vondt det var da han gjekk ombord i fjordabåten på hemveg frå bytur til Stavanger. Og han fekk sjå sjøfolka som satt og drakk på kaia i byen. Mange av dei var krigseglara. Som ikkje hadde ein gård å koma heim til. Som vart gåande på fylla i byen. Mange av dei heimlause uteliggara. Alt for mange døydde tidleg.

Krigsseglarane fekk ingen heder og takk for innsatsen. Dei kom nederst i det norske samfunnet. Dei som ga oss alt. Friheita og demokratiet. Først tjue-tretti år etter krigen fekk dei sine medaljer. Og økonomisk sikkerheit. Da var alt for mange døde. Men min svigerfar vart ein gammel mann på nesten nitti år, han fekk både familie og eit verdig liv.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe.