Vi har mange store samfunnsutfordringar som må løysast, og ved jamne mellomrom kjem det krav om ny undervising i skulen for å bøte på problema. Det er ein god idé å få meir faktakunnskap om  samfunnsproblem inn i timeplanen i skulen, då dette vi bidra til å gi elevar særs viktig kompetanse dei treng for å overleve i samfunnet, kynisme og dobbeltmoral. Her er ei liste over tema som vil bidra til å styrke desse kompetansane:

Søvn er noko av det siste som er føreslått som tema i skulen. Mange norske ungdommar rapporterer om dårleg psykisk helse og stress, og det er ein samanheng mellom lite søvn og dårleg psykisk helse. Mykje tyder på at både psykisk helse og lite søvn har samanheng med større strukturar i samfunnet, som opplevde krav om å vere vellukka, ambisiøs og veltrent, samt at ungdommen er hekta på smarttelefonar med avhengigheitsskapande appar som vi har gitt dei frå dei var babyar. Erfaring og forsking gir liten grunn til å tru at det å gi faktakunnskap om søvn vil bidra til å endre strukturane som gjer at elevane får lite søvn, men det vil kanskje kunne bidra til at elevar føler eit personleg ansvar for si psykiske helse.

Personleg økonomi. Vi har stadig større økonomiske skilnader i Noreg. Dei ti prosent rikaste eig no meir enn halvparten av all nettoformue i Norge. Der vanlege folk må betale 36 prosent av skatt på inntekta si, betalar dei éin prosent rikaste berre mellom 10-20 prosent. Barna til dei rike kan dessutan arve store formuer utan å betale ei krone i arveskatt. Samtidig viser ei rekke mediesaker at uføre og folk på trygd ikkje får nok stønad til å leve for. At vi har putta personleg økonomi inn i klasserommet endrar ikkje dei strukturelle årsakene til fattigdom, men det vil i alle fall kunne bidra til at den enkelte fører ansvar for sin økonomiske situasjon. Sidan skulane ikkje har råd til gode læremiddel er det dessutan fint at NRK har laga serien Millionærhjerne som skulane kan bruke heilt gratis.

Berekraft. Noreg er på verstingtoppen når det gjeld berekraftig forbruk. Dersom alle skulle hatt like høgt forbruk som nordmenn ville vi ha trengt 3,6 jordklodar. Noreg er berre 2,4 prosent sirkulært, noko som betyr at det meste vi kjøper går på dynga. Vi kastar også svært mykje mat, kvar enkelt nordmann kastar i gjennomsnitt 84,7 kilo mat. Dette kan elevar for eksempel lære om same dag som dei har kasta resten av maten frå Mat og helse-undervisinga i søpla fordi læraren manglar kompetanse, eller etter å ha hjelpt læraren med å kaste fullt brukbare gitarar frå musikkrommet i søppelkontainaren, fordi skulen manglar tid og kunnskap til å gjere enkle reparasjonar.

Klima og miljø. Vår tids største samfunnsutfordringar lærar elevar aller best om i klasserommet, og i alle fall ikkje ved å delta i aksjonar mot manglande klima- og miljø-handling frå styresmaktene.  Elevane kan i staden lære mykje frå medieoppslag om regjeringa si satsing på fleire olje- og gassfelt, som trassar råda frå Det internasjonale energibyrået om vi skal klare 1,5 graders-målet. Vidare er det mykje lærdom å hente om satsing på naturmangfald frå regjeringas avgjerd som opnar for å legge E6 gjennom naturreservatet Lågendeltaet.

Demokrati og medborgarskap. Diskriminering og fordommar er uheldige haldningar som vi må bekjempe, og dette må inn i skulen. Eit forslag er at elevane som ikkje har råd til skuletur kan lære om dette mens resten av klassen er på reise. Kritisk tenking og etisk bevisstheit kan elevar lære gjennom å lese ulovleg kopierte tekstar som lærarane delar ut fordi skulen ikkje har råd til læremiddel.

Folkehelse. I læreplanen for mat og helse står det at elevar skal lære at «sosialt fellesskap og samhandling kan vere med på å styrkje god helse». Dette kan elevar lære om mens dei et matpakken sin i stillheit og kikar på ein skjerm.

Noko som derimot vil hindre utvikling av kompetanse i kynisme og dobbeltmoral er om skulen blir ein arena der elevar faktisk kan leve i tråd med prinsippa dei skal lære om. Det kan til dømes vere å innføre tiltak som å bidra til betre søvn ved å redusere leksepress og starte skuledagen seinare, etterisolere skulebygningar og oppjustere dei til å bli klimasmarte med solfangarar og solceller, innføre skulemat med sunn og berekraftig mat og sosiale måltid, eller gi skular ressursar til kvalitetssikra læremiddel. Berre for å nemne noko. På den andre sida vil det kanskje faktisk medverke til å løyse samfunnsutfordringane.

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe