Hølaas meiner det er Staten som «virkelig stikker av med pengene» i kraftmarknaden. Hølaas viser til at el-avgifta har gått opp med 192 prosent på ti år. Dette krev eit svar.

El-avgifta i Noreg har rett nok gått opp frå 4 øre til 10,3 øre pr. Kwh på ti år. Men er den norske el-avgifta høg samanlikna med andre land? Svaret er nei. Den norske el-avgifta er blant dei lågaste i EU/EØS-området. I Nord-Sverige er el-avgifta som samanlikning 10,8 øre, i Sør-Sverige 15,6 øre. I Nederland er avgifta 18,1 øre, og i Danmark heile 51 øre.

Er det auken i el-avgifta som er årsaken til den nær doblinga av straumprisen ut til forbrukar det siste året? Også her er svaret nei.

Årsaken til den store auken i straumprisen er at vi nesten regna vekk sommaren og hausten år 2000. Kraftprisen var rekordlåg i fjor. I år har det regna mindre. Difor er straumprisen høgare. Likevel har Noreg ein av dei lågaste straumprisane i EU/EØS-området ut til forbrukar, inklusiv alle avgifter. Det er med andre ord heilt urimeleg av Hølaas å stemple Staten som grisk og grådig i kraftmarknaden.

Så til skifte av straumleverandør. Det er ikkje lenger Regjeringa som fastset straumprisen. Det er markaden. Industrien, her representert ved Hølaas, må akseptere at vi forbrukarar har både høve og rett til å byte straumleverandør. Hølaas meiner det ikkje er verd bryet å skifte leverandør for «eit par hundre kroner». Han og industrien om det. Eg sparte om lag 500 kroner i året på mitt første bytte.

I dag er det berre kring to prosent av forbrukarane som skiftar leverandør frå kvartal til kvartal. Dersom alle nordmenn kontinuerleg byttar til den billegaste straumleverandøren, så ville vi i felleskap presse prisen ned. Eit kutt her, og eit kutt der. Slik vert det fort pengar av.

Regjeringa er opptatt av at forbrukarane meiner at straumprisen er for høg. Difor kutta vi el-avgifta med eitt øre frå 1. juli. Vi har også sagt at vi skal kutte meir.

For å hindre at straumprisane stig i framtida har Ap-regjeringa sytt for at industrien no får byggje gasskraftverk. I første halvår var Noreg netto importør av kraft, og det i eit år med normal nedbørsmengd. Samstundes eksporterte vi 98 prosent av naturgassen vår, ei mengd som tilsvarar 100 gasskraftverk. Det er meiningslaust at Noreg ikkje nyttar sin eigen gass, samstudes som vi importerer kull- og kjernekraft frå Sverige og Danmark. Noreg har gass i 100 år. Bruk han.

OLAV AKSELSEN, olje-og energiminister.