Få områder har større potensial for spennende byutvikling enn Kalvskinnet, skriver kronikkforfatteren. Foto: Per Christiansen

Dermed er det også få område der potensialet for spennande byutvikling og samarbeid er større.

Trondheim kommune har utarbeidd forslag til Kommunedelplan for kulturarenaer, som skal til politisk handsaming i haust. Det er første gong Trondheim får ein kommunedelplan for dette temaet, og no er planforslaget sendt ut på høyring.

Den siste tidas debatt om korleis byen vår skal vere, tyder på at engasjementet er stort. Men det har vist seg at mange av oss som meiner mykje, av og til meiner det for seint. Det er avgjerande og kome på bana når planane vert laga, ikkje når husa står der.

No får vi høve til meine noko om kulturarenaar.

Eg representerte NTNU Vitskapsmuseet i dialogrunden som Trondheim kommune arrangerte for ulike kultur- og kunnskapsinstitusjonar i byen. Det var svært interessant og inspirerande. Det formeleg boblar over av gode initiativ og store planar på kulturfeltet. Felles for mange av oss er mangel på gode lokale.

Det seier seg sjølv at ikkje alle kan få til absolutt alt vi ønskjer. I alle fall ikkje om alle skal ha kvart sitt prosjekt. Vi må sjå på korleis vi kan dele både ressursar og areal.

Kommunen har definert ein kulturarena som «en fysisk møteplass der kunst og kultur skapes, utøves, formidles, oppleves og deles.» I arbeidet med kommunedelplanen har dei registrert totalt 334 arenaer for kultur i Trondheim. Av dei har 74 kulturproduksjon og – formidling som primærføremål. Resten har kultur som ein biaktivitet.

NTNU Vitskapsmuseet har i prosessen peikt på at ein må sjå heilskapleg på kulturarenaane. Vi kan ikkje berre ta eitt og eitt hus, eller eitt og eitt behov. Vi må sjå samla på heile felt og bydelar. Og vi må sjå på ferdselsårane mellom arenaene – aksane.

På same måte som sportsbutikkar og reisebyrå klyngjar seg saman, må også vi tenkje på kva nærområdet til kulturarenaane våre kan tilby. Det handlar mindre om intern konkurranse, enn om og trekkje dei interesserte kundane til sitt område – og dermed til sin butikk.

I grunnlaget for kommunedelplanen peikar kommunen på at ein skal styrke ein «Attraktiv Midtby», som området der ein skal kunne oppleve kunst og kultur på høgt nivå. I tillegg skal det også vere mogleg å oppleve kultur ute i dei andre bydelane. Ein vil synleggjere Trondheim som kunnskapsbyen i Norge, og også som ein kunst- og kulturby.

Storsatsinga som har arbeidstittelen «Vitenskapssenter Kalvskinnet» er vårt svar på dette. I nybygget som skal hektast på NTNU Vitskapsmuseet skal Vitensenteret få nye og etterlengta lokale. Det vil frigjere bankbygget i Kongens gate, eit lokale mange ønskjer seg til anna kulturbruk.

Gunnerusbiblioteket er også med i senteret, saman med oss i museet. Behovet for moderne magasin for museumssamlingane er prekært, så for Vitskapsmuseet er det avgjerande at nysenteret blir realisert.

I planane heiter det at Vitenskapssenteret skal vere nyskapande innanfor kunnskapsbasert formidling, dialog, oppleving og informasjon til samfunnet utanfor akademia. I desse dagar heldt Statsbygg i prosjektet, og vi vonar at det kan kome fram til Stortinget i løpet av eitt par år.

Men også før det nye den tid har Kalvskinnet mykje å tilby.

På Kalvskinnet finn vi ei unik samling av gamle sosiale institusjonar og museum innanfor eit lite område. Vitskapsmuseet er det store «som alltid har vore her», og rett i nærleiken finn vi også Norsk Døvemuseum, Norsk rettsmuseum, Jødisk museum og steinhoggarverkstaden til Nidarosdomens restaureringsarbeider. Rett borti Skakkesgata er det kunstindustrimuseum, og oppom der riksregaliane og sjølvaste Nidarosdomen. Ein tettare klyngje av kulturhistoriske høgdepunkt skal ein leite lenge etter.

Men Kalvskinnet er ikkje berre fortid, gamle murbygg og enda eldre gjenstandar.

Kalvskinnet er også området der det truleg vil kome både ny vidaregåande skule og nybygg hjå Høgskulen, samt kommunens «Nye Leüthenhaven». Dessutan kjem også vårt Vitenskapssenter, som eit utstillingsvindauge for Kunnskapsbyen Trondheim. Heile området kjem til å syde av folk, kultur og kunnskap.

Men i tillegg til å satse på kulturarenaar kvar for seg, må vi identifisere og styrkje kulturaksane. La oss ta vår gate, Erling Skakkes gate, som eit raskt døme:

Ein kan fylle ein heil dag på få hundre meter: Besøke Vitskapsmuseet med borna, og ete lunsj i Suhmhuset. Kanskje sole og leike seg litt rundt Cissi i den oppgraderte Museumspark. Om kvelden kan ein nyte ein betre middag hjå Emilies, før ein stikk over gata og avsluttar med ei framsyning hos Trøndelag Teater.

Ingen av desse verksemdene kan tilby alt dette aleine. Det er summen av fleire produkt som gjer dette til ein kulturakse – til ei samla og attraktiv oppleving. Det er slike vi må identifisere og styrkje.

Kalvskinnets utfordring er å få byens folk over «Prinsenkneika». Det kan nemleg sjå ut som om det stort sett berre er Trøndelag Teater og Brukbar som klarer å lokke folk over Prinsens gate.

Berre nokre få meter lenger borte ligg altså kulturbydelen Kalvskinnet.

Velkommen hit!