– Omsetninga i norske barar auka med 156 prosent frå siste helg i januar, og med 26 prosent frå førre helg. Også restaurantane fekk eit løft med 30 prosents omsetningsvekst samanlikna med siste helga i januar, seier Øyvind Brekke, leiar for BankAxept og BankID.

Veksten i baromsetninga var størst i Vestfold og Telemark, Viken og Trøndelag med høvesvis 45, 40 og 36 prosents vekst frå førre helg. I Oslo var det «berre» 22 prosents vekst i omsetninga til bara.

Rogaland er det fylket som har hatt den største auken på bar når ein samanliknar med siste helg i januar, då det var avgrensa opningstid. Auken har vore på over 260 prosent.

Det vart òg solid gang i afterski-destinasjonane igjen denne helga. Dei kjende skidestinasjonane Trysil, Hemsedal, Øyer og Hol hadde ein omsetningsvekst på 54 prosent innan servering samanlikna med siste helg i januar, og 26 prosent høgare enn førre helg.

(©NPK)