Minneord Paul Steinmeyer

På føremiddagen lørdag 3. august fekk eg telefon frå Oettingen i Bayern om at orgelbyggar Paul Steinmeyer var død bare ein halvtime tidlegare. Da var det bare timar til eg skulle sette meg på flyet for å reise på eit besøk eg visste kunne bli det siste. Han blei diagnostisert med alvorleg kreftsjukdom i vår, men likevel kom døden uventa, for han kjende seg god til det siste, og vi hadde planlagt samtalt om besøket bare kort tid i førevegen.