Minneord Kari Margrete Okstad

Det var med stor sorg me tok imot meldinga om at Kari Margrete Okstad til slutt måtte gje tapt for kreftsjukdommen. Hennar livslange interesse og engasjement for folkedansen har bidratt til å oppretthalde og vidareføre tradisjonsdansen i Noreg. Sjølv om ho aldri framheva seg sjølv, var ho ei av dei sterke stemmene som sette dagsorden på dei arenaene der ho deltok. Den solide dansefagkompetansen hennar gjorde at ho hadde eit breitt nedslagsfelt i miljøet.