Krigens verkelege andlet

Eit storslagent og spektakulært musikkspel som er noko omstendeleg i første akt.

Mektig sang: «Fremst av dei alle står Silje Lundblad, som ved sia av å levere eit fyrverkeri av ei rolletolking også har ei imponerande stemmeprakt», skriv Amund Grimstad.  Foto: Marthe Amanda Vannebo/Elden

I løpet av nokre månader i 1718 blir også Trøndelag del av Den store nordiske krigen (1700-21). Svenskekongen Karl XII gir ordre om å ta Trondheim, og general Armfeldt tek seg over Meråker med ein overlegen styrke på 10 000 mann. Natur- og vêrforholda og manglande forsyningar gjer felttoget til eitt av dei mest mislukka og fatale i nordisk historie.