Etter 22. juli

Ulveflokken

Det er gått ti år sidan terroråtaka 22. juli 2011. Det har ikkje vorte mindre grunn til å snakka om internettradikalisering.

"Kor einsame er alle desse einsame mennene? For å svara på det kan det vera nyttig å sjå attende på høgreekstremismen si nyare historie" skriv Øyvind Strømmen. Tegningen er av Nathaniel Veltman, som 6. juni i år kjørte ned en muslimsk familie i byen London i Canada. FOTO: NTB 

Kvelden 6. juni 2021 køyrde Nathaniel Veltman (bildet over) bilen sin inn i ein familie som venta på å kryssa gata i den canadiske byen London. Fire menneske var drept: ekteparet Salman Afzaal og Madiha Salman, tenåringsdotra deira, Yumna, og Salman si 74 år gamle mor, Talat. Salman og Madiha sin son Fayez vart skadd, men overlevde.