Stortinget har vedtatt at dei største kommunane skal ta over ansvaret for tannhelse frå fylkeskommunen. Så er det berre det at det også vil stå igjen mange små og mindre kommunar etter samanslåingsrunden. Kva skal skje der?

Tannhelse er i dag eit fylkeskommunalt ansvar, og det er gjennom fleire år bygd opp gode kompetansemiljø. Vårt inntrykk er at fylkeskommunane stort sett evnar å fordele ressursane slik at også dei minste kommunane får gode tilbod, til dømes ved tannklinikkar dei deler med nabokommunen.

I Innstilling 333 til Stortinget tilrådde departementet å flytte tannhelse til «større og mer robuste kommuner», og at ein ville utreie meir når og korleis. I regionmeldinga (Oppgåvemeldinga) kjem det fram at tannhelse då allereie er tenkt flytta til større kommunar.

Les også om tannleger som går ut mot billig godteri

Kommunepolitikarar vi har prata med uttrykkjer at dei er overraska over dette, og at dei ikkje er budd på å ta over.

Det er spørsmål om kva som blir konsekvensen av at ein vil skilje mellom små og «større og meir robuste» kommunar – kvar skal då ansvaret for tannhelse i mindre kommunar liggje?

Mange tilsette i tannhelsetenesta er sjølvsagt også uroa over kva som skal skje med arbeidsplassane deira.

Vi trur at ei splitting i mindre einingar med ansvar på kommunalt nivå vil auke ulikskapane i tannhelsetilbodet. Spesielt område med liten folkesetnad vil vere sårbare. Mange mindre einingar vil også gje større behov for administrasjon, noko som tar ressursar vekk frå pasienttilbodet.

Tannhelsetenesta har ei rekkje samarbeidsflater utover dei kommunale helsetenestene. I mange samanhengar har tannhelsetenesta behov for å samarbeide med til dømes sjukehus, Norsk Helsenett og Spesialisthelsetjenesta for psykiske lidingar.

Her kan du lese om at ingen forskning viser gevinst av tanntråd

Ei oppsplitting av tannhelsetenesta vil gjere det vanskelegare å lage gode verkty for å koordinere denne samhandlinga.

Det er viktig å ha ein viss storleik på fagmiljø. Til dømes er det slik at spesielle tann- og munnholebehandlingar vil krevje utreiingar som må skje i samarbeid mellom tannlegar og også kompetansesenter. Dette vil bli utfordrande dersom det skal bli gjennomført av kvar einskild kommune. Fylka i Trøndelag og Møre og Romsdal samarbeider allereie gjennom «Tannhelsetjenestens Kompetansesenter i Midt Norge».

Med så mange «nei» i dei rådgivande folkerøystingane i fylka tyder lite på at det vil bli svært mange store kommunar som evner eller ønskjer å ta over tannhelsetenesta. Mange kommunar i Norge vil framleis ikkje vere «større og meir robuste» enn før omlegginga.

Les også kommentaren: Gud er byråkrat

Vår frykt er at det blir oppretta fleire nye interkommunale selskap som skal dekkje opp ansvaret for kommunar som ikkje er store nok til nye oppgåver. Slike selskap vil bli liggjande utanfor demokratisk styring og kontroll, dette er noko vi er svært skeptiske til.

Vi fryktar spesielt for koordineringa av behandling for dei med spesielle behov, dei i hermeteikn «krevjande» pasientane som fort fell mellom stolane når ansvar blir spreidd på for mange.

Dette er også eit ressursspørsmål: Kvifor skal vi oppheve ei organisering som fungerer godt, som få protesterer på, bryte opp gode kompetansemiljø og misse erfaring, for å flytte ansvar til kommunar som ikkje har noko større ønskje om å ta over?

Les også debattinnlegget: «Vi skulle tro at treningssenteret kunne tjene på å bli mer tilgjengelig for oss bevegelseshemmede»

Mange har vel høyrt om økonomiske uføre for dei som er så uheldige å ha behov for tannhelsehjelp utan å ha ein av dei femten diagnosane som gjer at ein kan få stønad.

I følgje innstillinga som Stortinget vedtok har 1,4 millionar av landets innbyggjarar rettigheitar etter tannhelselova. Det betyr at 3,8 millionar menneskje i Norge ikkje har rettigheitar etter tannhelselova.

I 2014 var samla stønad for dei over 20 år med rettigheiter 1,5 milliard kroner. Det seier seg sjølv at å utvide talet personar med rett på behandling vil være svært kostbart. Derfor må vi ta det steg for steg.

Vi vonar at vi kan nærme oss det som har vore Venstres mål i Stortingsprogrammet, om at ein skal kunne få støtte dersom kostnaden blir over 10.000 kroner.

Følg også med på byutviklings-debatten: Byutvikling i brytningstid

Tannhelse må bli ein sjølvsagt del av folkehelsa, like sjølvsagt som at tennene er ein del av kroppen.

Vi får ikkje gjort alt i ein gong, men vi vonar at dette blir ei satsing også i Venstres neste program.

Vi i fylkestingsgruppa har foreslått å bevare tannhelsetenesta på regionalt nivå til programkomiteen i Venstre, og har retta same oppmoding til stortingsgruppa vår.

Eit steg på vegen er å spare pengane ein no planlegg å bruke på omorganisering av ei fungerande tannhelse og heller bruke dei pengane på faktisk tannhelse.

Hør våre kommentatorer snakke om konsertskravling, storhall og partipisk

Les flere debattinnlegg på adressa.no/meninger

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter.