Kronikk

Vi må ha rett verksemd på rett plass

Trondheim bystyre kan stå fram som lite truverdig i miljøpolitikken dersom det vedtar å lokalisere ny messehall på Øya i staden for å følgje sine vedtekne byutviklingsprinsipp.

Nidarø: «Prinsippet om «rett verksemd på rett plass» bør vere lett å følgje i viktige lokaliseringssaker. Men ofte ser vi at slike langsiktige byutviklingsprinsipp må vike for kortsiktige økonomiske omsyn» skriver kronikkforfatteren. 

Trondheim står overfor store utfordringar i tida framover. Byen er ein av storbyane i Norge som veks mest. Denne veksten krev areal og fører til auke i transportbehovet.