Kva visste dei i Trondheim om slavehandelen og kva syntes dei om den på 1700-talet?

I Accra, hovudstaden i Ghana, står fortet Christiansborg. Herifrå dreiv danskar og nordmenn slavehandel frå 1600- til 1800-talet: Frå stranda utanfor fortet vart tusenvis av menneske, mot sin vilje, tekne om bord i slaveskip. Til saman vart ca. 100.000 menneske frakta med dansk-norske skip frå Vest-Afrika til Amerika, mange til dei dansk-norske Jomfruøyane i Vestindia.

Me treng ikkje reise til Accra for å sjå fysiske restar etter Noreg si rolle i den transatlantiske trekanthandelen. På Kalvskinnet står Sukkerhuset. Mange vil kjenne namnet og vite kva bygning dette er, men ikkje fullt så mange kjenner til den atlantiske historia til huset. Og enno færre veit at Adresseavisen var kritisk til den transatlantiske slavehandelen – fundamentet til trekanthandelen som Sukkerhuset var ein del av.

Sukkerhuset vart etablert på 1750-talet av Hans Ulrich Mølmann og Hans Horneman for å raffinere sukker for Trondheim by og stift. Huset var som sagt del av trekanthandelen: Slavar som vart skipa ut frå Christiansborg vart sett til å produsere råsukker på plantasjar i Vestindia, og akkurat dette råsukkeret kom til Sukkerhuset i Trondheim. Handelstanden i Trondheim var på ingen måte passive mottakarar av råsukkeret. Til dømes gjekk sentrale personar frå byen saman rundt 1760 og sende skip til St. Croix for å sikre tilgangen til råsukker.

Er du interessert i byhistorie? Da bør du også lese kronikken: Det lønner seg for byen å ta vare på bryggene

Kva visste dei så i Trondheim om slavehandelen og kva syntes dei om den på 1700-talet? Nasjonalbiblioteket si digitalisering av eldre bøker og aviser har gjort det lettare å utforske desse spørsmåla. Ikkje minst gir dei digitale kopiane av Adresseavisen, på 1700-talet kjent som den Kongelig allene priviligerede Trondhiems Adresse-Contoirs Efterretninger, spanande innblikk i tankar og meiningar på denne tida.

Handelsstanden i Trondheim var godt informert om slavehandelen og slaveriet gjennom kjennskap til ulike bøker. Til dømes var reiseskildringa til dansken Ludvig Ferdinand Rømer allment kjent i byen. Rømer var slavehandlar på Christiansborg og skildra med profesjonell distanse korleis handelen føregjekk.

Utdrag frå boka hans vart trykt i Adresseavisen, slik som i artikkelen «Efterretning om Europæernes Handel paa Kysten af Guinea, som bestaar av Slaver, Guld og Elephant-Tænder eller Elfenbeen» frå 1771. Her vert reisa over Atlanterhavet skildra og folk i Trondheim kunne lese at når provianten til slaveskipet tok slutt såg mannskapet seg «nødsaaet at blande Gift i Slavernes Mad for et hundrede eller fleere, for at rædde sig selv.» Dette er berre ein av fleire artiklar som skildrar korleis ekstreme gradar av vald og tvang var del av slavehandelen.

Kva meinte ein så om slavehandelen her i Trondheim? Somme såg tydelegvis ikkje noko problem med den. Thomas Angell hadde jo ein liten investering i det «Vestindisk-guineiske Kompagni», selskapet som dreiv den dansk-norske slavehandelen.

Fikk du med deg landskapsarkitektenes kronikk om Nidarø: Vi har kvessa blyantene, åpnet de grønne hjertene våre og laget en visjon for Nidarø som ny bypark

Kritiske røyster kan vere vanskelege å finne då det ikkje var trykkefridom på 1700-talet. Utgiving av aviser, slik som Adresseavisen, var eit privilegium som kunne takast bort. Ein måtte difor vere varsam med kritikk og me må rekne med at redaktørar utøvde ein god del sjølvsensur.

Av og til vart det imidlertid opna opp for større grad av trykkefridom, slik som i 1770 då ei rekkje fridomar ei kort tid vart innført. Då nytta Adresseavisen høvet: Redaktør Martinius L. Nissen trykte eit utdrag frå boka Lovens ånd av Charles Montesquieu der den franske filosofen kritiserer slavehandelen. Nissen la til følgjande refleksjon: «Heraf kan man see, hvilke Tanker denne store Mand haver, om den ubarmhiertige Misbrug, at bringe uskyldige Mennesker til det ynkværdigste Liv, for at blive Redskaber til vores Overdaadighed.»

Nissen var ikkje den einaste redaktøren av Adresseavisen som var imot slavehandelen. Då handelen vart forboden i Danmark-Noreg i 1803 skreiv redaktør Willum Stephanson at «Naar man betænker denne Behandling af Mennesker mod Mennesker, kan man da undre sig over en Negers Svar til en Christelig Geistlig, der talte til ham om Straffene i det andet liv: «Nei! Fader! For oss Negre er der Visset ingen Helvedqval: den har vi lidt her; den Staff ere kun for den Hvide, den Europæer, der saa grusom mishandler sine sorte Medbrødre!» Med desse orda er det ikkje tvil om at somme i Trondheim var imot slavehandelen, og me kan berre førestille oss alle diskusjonane i ulike lag som ikkje har etterlete seg skriftlege spor.

Handelstanden i Trondheim visste godt kva dei var med på. Sukkerhuset var del av eit globalt system der nokon vann og andre tapte. Dei menneska som produserte råsukker tapte alt, inkludert fridomen sin. Sukkerhuset var derimot god forretning og svært lønsam for eigarane i lang tid. I tillegg veit me enno lite om korleis andre vareslag frå Trøndelag gjekk inn i den atlantiske handelen, slik som tømmer og kopar. Kanskje framtidig forsking kan gi oss meir kunnskap om kor mykje av dette som gjekk til bygging av slaveskip og kanoner.

Me kan ta mykje lærdom av den atlantiske historia til Sukkerhuset. Trondheim har ei global fortid på godt og vondt som me bør vere klar over. Denne historia kan gi oss ei meir nyansert forståing av kvar me kjem frå og kva global rolle me har hatt. I tillegg er historia om Adresseavisen sin motstand mot slavehandelen høgst relevant. Den syner kor viktig det er at ein tek til motmæle når ein ser noko ein ikkje kan godta. Hugs at motstanden mot den transatlantiske slavehandelen til slutt vann fram.

Ein lengere versjon av denne kronikken kjem snart på trykk i det nordiske tidskriftet for kulturminneforsking, Fabrik & Bolig.

Hør våre kommentatorer snakke om hylekor, regjeringskrise, boikott og svart fredag.

Les flere debattinnlegg på adressa.no/meninger

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter.