- Det er ingen tvil om at det har vore tungt. Eg har gått ned tre kilo, så eg har lagt meg flatare enn eg trudde var mogleg, seier olje- og energiminister Tord Lien til Aftenbladet.

Han har blitt sterkt kritisert etter at det førre veke vart kjent at han lot vere å informere statsministeren om at Lofoten og Mørekysten ville bli opna for oljeselskapa i 24. konsesjonsrunde.

"Dersom Tord Lien hadde vore Høgre- statsråd i ei reell Høgre- regjering, ville truleg Erna Solberg gitt han avskjed", uttala professor Frank Aarebrot til Aftenbladet måndag.

Aftenbladet sin kommentator, Jarle Natland, skreiv at "statsrådar har gått på langt mindre, og regjeringar har vore truga med avgang".

- Eg er glad både Erna Solberg og Siv Jensen har vore tydelege på at eg har deira tillit. Dei har støtta meg personleg. Eg er vand med å vere den snille guten i regjeringa, så det har vore uvant for meg.

Skal søke i verna område

Ministeren nekta først for at han gjorde ein feil, men fredag erkjente han feilen i ein epost til VG. Han understreka at feilvurdering og ikkje dårlege intensjonar låg bak.

- Under mi leiing har vi gjennomført fire rundar med arealtildelingar som har gått rolig for seg, gitt at oljepolitikk er eit kontroversielt felt. Så må vi konstatere at det ikkje var tilfellet med 24. konsesjonsrunde, men det har vi retta opp, seier han til Aftenbladet.

Karta for konsesjonsrunden er no oppdatert, men regjeringa opnar framleis for utgreiing i verna område utanfor Jæren. Området vart freda av regjeringa tidlegare i sommar, etter å ha vore midlertidig freda i fleire år.

- Det er ingen samanheng mellom vern og forbod mot aktivitet. I verneområde skal omsynet til verneverdiane takast vare på dersom det skal setjast i gang aktivitet. Vi har ikkje teke stilling til kva arealar som skal utlysast i Jæren, men vil gjere dette etter at selskapa og oljedirektoratet har gjort si vurdering.

Tor Lien sammen med museumsdirektør ved Oljemuseet, Finn Krogh og ordfører i Stavanger, Christine Sagen Helgø. Foto: Jarle Aasland/Stavanger Aftenblad