Raufoss-Hødd 2-0:

Det var det beste laget som vann, då Hødd tapte 2-0 borte mot Raufoss. Berre tverrliggaren sto i vegen for 3-0. Jan Lennart Urke hadde fleire gode redningar, og Sondre Beite auka tempoet i Hødd sitt angrepsspel på slutten av kampen, men det heldt ikkje. Hødd står no med ni tap og eitt uavgjort på framandt dekke.

Raufoss best i 70 minutt

Etter 10 minutt spelt sto det 4-0 i skot på mål til heimelaget.

Etter ein stressande opning for Hødd, spelte laga mykje jamnare utover i førsteomgangen. Andre omgang var klart meir spennande enn den første, etter kvilen sette laga opp tempoet på kampen både eitt og to gir. Emile Dadjo kom til Raufoss frå Kongsvinger medan overgangsvindauget var ope. Han markerte seg aktivt i kampen.

I det 58. minutt lobba han ballen i mål. Raufoss gjekk dermed opp i leiinga, 1-0. I det 62. minutt sette Magnus Solum ballen kontant i mål, med innsida av foten, og auka dermed til 2-0 for dei gule og svarte. Same mann ga også den målgivande pasninga til det første målet.

Shroot si scoringsrekke broten

Mot slutten av kampen vart heimlaget tydeleg utkjørt, medan Hødd jaga redusering. Som vanleg hadde Hødd eit batteri ekstra i den siste femdelen av kampen. Sondre Beite kom inn og bidrog med liv og tempo i Hødd sitt offensive spel. I det 81. minuttet kom han aleine med målvakta, men fekk ikkje skotuppen på ballen. Robin Shroot jobba tappert frå start til slutt, men kom aldri til dei verkeleg store sjansane.

Trass i at han har scora i dei siste fem kampane på rad, makta han ikkje å følgje opp bragda i bortekampen mot Raufoss. Hødd sitt bortekompleks er altså framleis gjeldande, og er noko Hødd blir naudt til å nøste opp i, skal klubben unngå nedrykkstrid.