Badr Rahhaoui har skreve under ei toårskontrakt. Badr Rahhaoui har skreve under ei toårskontrakt. Foto: Hødd Fotball

Ny spelar klar for Hødd

Hentar spelar frå Fredrikstad.

Badr Rahhaoui har vore på prøvespill i Hødd nokre dagar, og har gjort sine saker så godt at han no er klar for klubben. 19-åringen har skreve under ei toårskontrakt.

– Eg er klar til å gi 100 prosent for Hødd i kvar kamp og på kvar trening. Målet denne sesongen er å skåre mange mål, ha mange assist og bidra til at Hødd rykker opp til 1. divisjon, seier han til hodd.no.

Rahhaoui har vore innom Sarpsborg FK, Sarpsborg 08, Kvik Halden (lån) og Fredrikstad, men no går vegen vidare til Høddvoll.

Han starta karriera i Sarpsborg FK, før han vart henta til Sarpsborg 08 foran 2013-sesongen. Sesongen 2015 var han lånt ut til Kvik Halden i PostNord-ligaen, før han i fjor spelte for Fredrikstad FK i OBOS-ligaen.

– Badr er ein spelar med stor kapasitet og stor fart. Han er ung og har eit stort potensial, seier Eid til hodd.no.