Han var på plass saman med ein delegasjon Blåsarar på bortekampen mot Ull/Kisa. Som vanleg heldt dei trøkket oppe, sjølv om det ikkje alltid var like lett.

­– Kva skal ein seie, det var jo leikestue, konkluderer Moldskred.

Han meiner at nivået på Hødd sitt forsvarsspel ikkje ein gong var på smågutnivå.

Tre heimekampar igjen

– Det er ikkje så «nauta» mykje vi kan gjere med bortekomplekset, seier Moldskred.

Håpet er å vinne resten av heimekampane. Det kan vere nok til å halde Hødd over den raudglødande nedrykkstreken. Botnstrid kan det fort bli uansett.

Hødd har tapt mot lag under seg på tabellen, som Raufoss og i dag, Ull/Kisa. Laget frå Ulsteinvik har tre heimekampar og fire bortekampar att i år.

– Hødd må ha 35-36 poeng for å overleve i serien, sa midstoppar Steffen Moltu til Sunnmørsposten før kampen.

Moltu hadde for si kanskje dårlegaste oppleving for sesongen, då forsvarsspelet var så svakt at han vart bytta ut etter 28 minutt.

Laginnsatsen manglar borte

­ Joakim Wrele var borte som defensivt anker oppgjeret søndag kveld. Det kan ha svekka Hødd, men dei kunne også ha tapt med han på banen, trur Moldskred.

– Det skjer noko med laginnsatsen når vi slit, det blir for mykje at ein jobbar, medan rest ser på, meiner talsmannen.

Han synest laget opptrer som – ja – nett eit lag på heimebane. Han forstår korleis Hødd kan endre karakter på den måten, når dei speler borte.

– Nei, no skal vi i Blåsarane heim og få oss litt søvn, seier han.

Heile Hødd får seg ein pause no: neste kamp er først 12. september klokka 19.00 på Høddvoll.