Hødd reiste seg mot Fredrikstad

Etter eit svært tidleg mål imot, reiste Hødd seg på meisterleg vis og vann til slutt 2-1 mot Fredrikstad i kveld. No er Hødd for alvor tilbake i kampen play-off i 1. divisjon.

FREDRIKSTAD — HØDD 1-2

Før minuttet var spelt på Fredrikstad stadion hadde Adam Straith gitt heimelaget leiinga mot Hødd. Fredrikstad gjekk rett i angrep etter avspark, og skaffa eit langt innkast som Tim Nilsen kasta langt inn i feltet. Der vann Adam Straith sin duell med Hødd-forsvaret, og heada ballen inn lengste bak ein sjanselaus Ole-Monrad Alme i Hødd-målet.

Og det tidlege målet såg ut til å sjokkere gjestane frå Ulsteinvik. Dei neste minuttane var prega av mykje slurv og unøyaktigheit med ballen hos Hødd-laget.

Men så kom Hødds Eirik Ulland Andersen til ei god avslutning inne i feltet før ti minutt var spelt, og det var som om det kick-starta Ulsteinvik-laget på nytt igjen.

Myklebust utlikna

Like etter var det nemnde Ulland Andersen og Magnus Myklebust som kombinerte fint inne i feltet. Berre ei fantastisk beinparade frå Fredrikstads keeper Håvar Jenssen hindra Myklebust i å utlikne med eit volleyskudd får fem-seks meter.

Men i det 20. speleminuttet satt utlikninga for Hødd. Ein stor feil av forsvarar Loïc Abenzoar på veg opp i banen gjorde at Hødd fekk ei svært god kontring, og var plutseleg i overtal på veg mot FFK-målet. Torbjørn Kallevåg serverte ballen ut til Ulland Andersen inne i feltet, som avslutta rett på Fredrikstad-keeperen. Returen gjekk heldigvis for Hødd rett ut til Myklebust på seks meter, som kontrollert sette inn utlikninga bak ein utspelt keeper.

Hødd overtok

Etter scoringa klarte Hødd å halde oppe trøkket, og styrte banespelet ute på . Like etter halvtimen var spelt fekk Vegard Heltne ein svært god sjanse ute ved 16-meterstreken, men forsøket frå venstrebacken blei for svak og gjekk rett på keeper.

Heimelaget blei springande mykje imellom utover i omgengen, og sleit med å skape sjansar på Hødd-laget. Dei kom til nokre halv-sjansar frå innlegg, og corner, men Hødd-forsvaret rydda vekk kvar gong. Dermed gjekk laga til pause

Sjanserik opning etter kvilen

Hødd gjekk offensivt ut i den andre omgangen, og berre minuttet ut i omgangen var blåtrøyene nære på å få ei lik opning på omgangen som FFK fekk i den første. Myklebust drog seg fin frå venstresida og prøvde å nå Ole Amund Sveen på bakre stolpe. Men Hødds høgrekant var nokre centimetrar frå å pirke ballen inn på bakre stolpe, og ballen gjekk i staden gjennom heile feltet og ut på

Minuttar etter var det FFK-spiss Henrik Kjelsrud Johansen som var svært nære for heimelaget. Eit godt innlegg frå venstresida blei slått inn mot bakre stolpe. FFK sin toppscorar kom først på ballen, og fekk til ei god heading. Men heldigvis for Hødd fekk han ikkje styrt ballen på mål, og Hødd Ulteinvik-laget slapp med skrekken.

Så var det Hødd-kaptein Jesper Tornqvist som var frampå på ein dødball frå Fredrik Aursnes. Midtstopparen sprang seg fint fri på bakre stolpe, og fekk til ei bra heading mot FFK-målet. Men ein god inngripen frå 19-årige Jenssen i FFK-målet hindra Törnqvist i å sende Hødd opp i leiinga.

Moltu banka Hødd i leiinga

Det bølga mykje fram og tilbake i første dal av andre omgang. Det forsiktige og passive får førsteomgangen var lagt vekk, og begge lag køyrde på for å få leiinga. Og det var Hødd og midtstoppar Steffen Moltu som lukkast i det 67. minuttt. Etter ein corner frå Hødd, blei det spelt raskt tillbake i feltet mot eit utrusande FFK-forsvar. Plutseleg var Moltu og Myklebust heilt aleine inne i feltet. Myklebust viste seg svært kald og roleg, og gav ballen til Moltu som banka til og sendte ballen opp i krysset bak ein sjanselaus Jenssen i FFK-målet.

Etter Hødd-scoringa følgte eit massivt press frå heimelaget, som kom nære på å utlikne både ein og to gonger. Men det mangla ein del i avslutningane hos heimelaget i denne kampen. I tillegg stod 19-årige Ole-Monrad Alme ein kjempekamp for Hødd, og opptrådde roleg og meisterleg på dei gongane han måtte i aksjon.

Ulland Andersen burde punktert kampen

Fem minutt før slutt fekk Ulland Andersen ein kjempesjanse til å punktere kampen for Hødd, men aleine med keeper på ti meters hald banka han ballen over i staden for å sette den roleg og kontrollert inn i mål.

Men det heldt til siger for Hødd trass i eit bra press frå heimelaget på slutten. Med 2-1 over Fredrikstad er Hødd for alvor tilbake i kampen om kvalikplass i 1. divisjon.

Vis fakta ↓
1. divisjon fotball menn søndag, 28. runde: