Hødd-trenar Steinar Lein måtte se laget hans slippe inn åtte mål (Arkivfoto) Hødd-trenar Steinar Lein måtte se laget hans slippe inn åtte mål (Arkivfoto) Foto: Marius Bøstrand

Hødd scora tre – tapte med fem

Sidan Hødd slapp inn heile åtte baklengsmål, heldt det ikkje med tre trøystemål i andre omgang.

45 sekund tok det Ull/Kisa å starte eit vanvettig målkalas, til smerte og skam for Hødd. Christian Aas gjekk enkelt forbi Hødd-forsvararane, og skaut lågt forbi Jan-Lennart Urke og i mål. På mål nummer to var det forsvarsbauta Steffen Moltu som vart syndebukk. 30-åringen mista ballen til Riki Alba som leikande lett venda av Urke og auka leiinga.

Steffen Moltu vart bytta ut etter 28 minutt. Det kan ikkje ha vore lett for Steinar Lein å bytte ut ein av sine mest tiltrudde menn. Inn kom den ti år yngre Sondre Beite. På 4-0 målet var det Beite sin tur til å miste ballen i farleg posisjon. Ull/Kisa sin toppscorar, Nicolay Solberg kom seg delvis på grunn av dette aleine med Urke, og sette ballen hardt via stonga, og i nettet. Hødd lakk som ei sil i forsvar, og verre: skapte ingenting på motstandarens halvdel i første omgang.

Heimelaget auka heilt til 5-0, før Hødd endeleg gjorde sitt første av fleire trøystemål: Innbytar Øystein Vestvatn brukte hovudet til å score med 5-1. Så fekk Solberg klinke ballen i krysset til 6-1, før Sondre Beite svarte med å putte eit innlegg frå Torbjørn Kallevåg i mål. Begge Hødd sine målscorarar fram til da var altså bytta inn. Ull/Kisa auka til surrealistiske 8-2, før Robin Shroot sa det siste ordet. Hødd sin mestscorande i år signerte eitt av totalt elleve mål i kampen, til 8-3. Korleis Hødd kunne vere så svake både offensivt og defensivt, særleg i første omgang, er det store spørsmålet etter kampen. Særleg merkverdig blir det sett i forhold til den sterke heimeprestasjonen mot Mjøndalen for berre nokre dagar sidan.