Steffen Moltu ble byttet ut allerede etter 28 minutter mot Ull/Kisa. Steffen Moltu ble byttet ut allerede etter 28 minutter mot Ull/Kisa.

Hødd-profil vil trene enda hardare

– Vi har no fjorten dagar på å gjere kropp og hovudet klar til neste kamp, seier Steffen Moltu.

Hødd låg under 4-0 til pause. Då var Steffen Moltu for lengst tatt av banen, etter å ha levert overraskande svakt forsvarsspel. I det 28. minutt vart han erstatta av Sondre Beite, i ein marerittaktig kamp for Hødd.

– Eg skjønner godt at trenaren må ta grep når vi slit, seier 30-åringen Moltu.

– Diverre hjelpte det ikkje i dag, legg han til, og har heilt rett:

Sluttresultatet vart heile 8-3 i ein kamp der Ull/Kisa fekk leike seg med gjestane frå Søre Sunnmøre.

Moltu er klar for å brette opp ermene:

– Vi får fjorten dagar fram til neste kamp. Vi skal trene hardt! Det er ikkje anna råd, seier han.

Resepten hans er ikkje overraskande å terpe på forsvarsspelet, for å kunne stå i mot nye fadesar.