- Hadde keeper stått i vegen, hadde han blitt med inn i mål

Midtstoppar Steffen Moltu avgjorde for Hødd med perlescoring.

FREDRIKSTAD — HØDD 1-2

Hødd-stoppar Steffen Moltu blei den store helten då Hødd snudde 0-1 til 2-1 borte mot Fredrikstad. Med ei fantastisk scoring i andre omgang sendte han Ulsteinvik-laget tilbake på kvalik-plass i 1. divisjon.

– No er stemninga her heilt kanon. Det har gått litt trått i det siste, og det å få ein siger i dag på bortebane er utruleg herleg, seier ein nøgd matchvinnar til smp.no etter kampen.

AVGJORDE KAMPEN: Steffen Moltu i kamp med Fredrikstads Andreas Aalbu. Foto: Digitalsport

Etter ein Hødd-corner i andre omgang blei ballen spelt inn igjen i Fredrikstad-feltet, der Magnus Myklebust og Moltu plutseleg stod heilt aleine med keeper. Myklebust serverte vidare til Moltu, som greip sjansen og banka inn sigeren til Hødd.– Akkurat då eg skaut så tenkte eg at om eg bommar no, blir nok Magnus litt små-sur på meg. Men den traff godt den. Eg trur at om keeper hadde stått i vegen, kan det hende han hadde han blitt med inn i mål, seier Moltu om scoringa si.

– Magnus oppfattar situasjonen veldig bra, og legg fint igjen til Steffen. Scoringa er veldig fin, seier Hødd-trenar Sindre Eid om målet som gav Hødd-siger.

– Vinn veldig fortent

Eid var svært nøgd med å ha hekta seg på igjen i play-off-kampen, og synest Hødd vann kampen fullt fortent.

– Me får ein heilt forferdeleg start på kampen der me vel ligg under 1-0 før minuttet er spelt. Det skal sjølvsagt ikkje skje. Etter det synest eg me tek veldig tak i kampen, spelar god fotball og vinn veldig fortent. Minuset i dag er at me ikkje scorar fleire mål. Me burde avgjort kampen mykje før, seier han.

Også dagens matchvinnar meiner Hødd var det beste laget på Fredrikstad stadion denne kvelden.

– Eg synest me hevar oss bra etter den keisame starten, og står bra frå starten av. Me har mykje ball og skapar mykje sjansar. Det er fortent at me får 1-1-målet før pause, og i alle fall ikkje ufortent at me stikk av med alle tre poeng, seier Moltu om kampen.

Har kjent på presset rundt dei

Hødd-trenaren seier at både han og laget var svært rolege før møtet mot Fredrikstad, trass i dei dårlege prestasjonane i det siste, og viktigheita av kveldens kamp.

– Me var veldig rolege. Me har hatt litt trøkk utanfrå, både laget og eg, men spesielt eg som trenar. Det har vore mykje kritikk osv., men det lev eg fint med, seier han.

Både Ranheim og Jerv vann sine kampar tidlegare på dagen. Det betydde at Hødd nærmast var avhengig av siger i kveldens kamp for å henge med i kampen om topp seks.

– Eg har sagt i heile år at det kjem til å bli veldig jamnt der oppe. No er me to poeng bak 3. plassen. Det kan godt vera det vil skilje tre poeng frå 3.-7.plass i år. No har me sett oss sjølv i ein god posisjon før dei to siste kampane. Men me treng nok i alle fall tre poeng til, seier han.

Vis fakta ↓
1. divisjon fotball menn søndag, 28. runde: