Thor Kristian Ekerhovd Økland tvingast til å legge opp. Thor Kristian Ekerhovd Økland tvingast til å legge opp. Foto: Tuva Åserud

Han skulle berre til rutinekontroll. No tvingar hjarteproblem lokal fotballprofil til å legga opp.

Thor Kristian Ekervhovd Økland har truleg spelt sin siste kamp på toppnivå.

– Det kom som eit sjokk før påske, fortel Thor Kristian Ekerhovd Økland.

Strilen spelte for Øygarden FK til og med førre sesong, men hadde no skrive under for østlandsklubben Ull/Kisa i Obosligaen. Leigeavtale med ny bustad på Austlandet var signert, jobben i Vegvesenet var førebels avslutta og han skulle spela profesjonelt for Ull/Kisa.

Men ein svært overraskande beskjed på rutinekontroll like før påske sette ein plutseleg stoppar for alt.

Ein medfødt hjartefeil, som han i fleire år er blitt jamleg kontrollert for, tvingar Økland til å legga opp.

Hovudpulsåra kan sprekka

Det var Eurosport som først omtalte saka om Økland.

Tidlegare har kontrollane av hjartet gitt slike svar at legane har konkludert med at han kunne spela toppfotball, men i ein alder av 26 år har han fått ein ny beskjed.

– Det som har skjedd er at eg har fått ei utviding av hovudpulsåra. I verste fall kan ho sprekka, seier Økland.

Den tidlegare Øygarden-spelaren er født med ein deformert hjarteklaff, noko som gjeld ein del nordmenn. Det er denne tilstanden som gjer at han har gått til rutinekontroll.

– Det har aldri vore eit problem før, men no viser det seg at eg har pusha kroppen min såpass hardt at det har gått ut over hovudpulsåra til slutt, seier Økland.

– Har det plaga deg før?

– Eg har eigentleg aldri tenkt på det. Og eg kjenner meg framleis frisk. Det gjer det eigentleg endå meir kjipt, seier Ekerhovd.

Mange klubbar

26-åringen har spelt for ei rekke klubbar i lokalfotballen. Han har vore innom Hald, Nest-Sotra, Brann, Åsane, Sotra, Fyllingsdalen og Øygarden. Han har også spelt futsal i 1. divisjon for Sund.

Men etter 20 år med fotball, er det altså slutt for sotrastrilen. Han har fått beskjed frå tre ulike legar at det var det einaste fornuftige.

– Eg er ikkje redd, for eg kjenner meg fin, men samtidig hadde det vore ekkelt å halda fram som spelar og tenkja på at det var ein risiko for at noko kunne skje.

– Kva tenkjer du om å vera ferdig som spelar så ung?

– Eg hadde eit par-tre år til inne og gleda meg til å flytta austover og ha fullt fokus på fotballen. Det er trist.

Resten av livet må Økland halda seg vekke frå tunge styrkelyft og tøffe intervall.

– Eg må unngå å belasta kroppen maksimalt. Det er også det som gjer at eg må gi med med konkurranseidrett, seier Økland.