Hugues Wembangomo møter bror Brice Wembangomo til duell. Hugues Wembangomo møter bror Brice Wembangomo til duell. Foto: Joakim Rødven

Wembangomo-brørne i nedrykkstrid

Hødd og Fredrikstad FK er berre to poeng unna nedrykksplass. Hugues tar i mot lillebror Brice til kamp om å overleve i serien.

Brørne Wembangomo er i same situasjon: det er berre to poeng ned til Ull/Kisa, 13. plass og andredivisjonsspel neste år.Brice Wembangomo er 20 år. I likskap med storebror Hugues (24) speler han forsvar. Dette er ein duellen mellom både to brør og to nedrykkstruga lag.

Av endringar på laget sidan sist, finn vi at Christoffert Aasbak og Joakim Wrele er tilbake. Wrele skal vere midtbaneanker mot FFK.

Slik er lagoppstillingene:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Christoffer Aasbak, Hugues Wembangomo, Steffen Moltu, Dani Hatakka – Fredrik Sjølstad, Joakim Wrele (K), Torbjørn Kallevåg – Didrik Sereba, Robin Shroot, Joachim Magnussen.

Benken: Ole Monrad Alme, Jesper Törnqvist, Jeff Andy Mensah, Bendik Rise, Øystein Vestvatn, Vegard Heltne Sondre Sandnes Beite.

Fredrikstad (4-4-2): Per Morten Kristiansen­ –, Brice Wembangomo, John Straith (K), Akinsola Akinyemi, Erik Tønne – Kristian Brix, Ludvig Begby , Håvard Åsheim, Roger Risholt – Ulrik Flo, Mouhamadou Ndiaye.

Benken: Håvar Grøntvedt Jenssen, Netan Sansara. Torben Halvorsen, Patrik Karoliussen, Filip Johansen Westgaard, Martin Thømt Jensen.

Ein sekspoengar

Etter 15 dagars opphald er det altså igjen klart for Hødd-kamp Sist laga møttest vann FFK 1-0 heime. Ettersom dei blåkvite stort sett tapar på bortebane denne sesongen, er laget avhengig av å sanke poeng på Høddvoll. Laget frå Østfold ligg på 11. plass, rett føre Hødd, med like mange poeng (27). Dette er nesten som ein sekspoengars kamp å rekne, fordi laga kan presse motstandaren under seg på tabellen.

Som dei fleste hugsar så alt for godt, tapte Hødd heile 3-8 mot Ull/Kisa borte, for to veker sidan. Samstundes står laget frå Ulsteinvik med fem strake heimesigrar på rad. FFK står med tre sigrar og eitt uavgjort på fire kampar. Samstundes har FFK berre tatt to poeng på bortebane, på nettopp fire oppgjer.