Randaberg-herrene spelte i helga kvartfinalar i sluttspelet i volleyball.

Etter 3-0-siger mot ØKSIL fredag, blei det tap 0-3 mot Viking TIF laurdag.

Då slo laget tilbake søndag. NTNUI blei slått 3-0. Dermed er Randaberg klare for «final four»-sluttspel i volleyball.

Semifinalane og finalane for både menn og kvinner blir spelt på Randaberg komande helg.

Randabergs kvinnelag er alt klare for semifinale etter siger i grunnserien.